25. september 2019

Christian Borch: Kjøp Berlin! (2018)

Familien Troye i Bergen gjorde det stort på handel av sild. Dei var velståande alt før fyrste verdskrigen, men under krigen vart det verkeleg fart i sakene. Dei selde store mengder sild til Berlin - Noreg var nøytralt, slik at norske firma stod fritt til å selja varer til kven dei ville. Dei fekk rett nok ikkje ut pengar før salet under krigen, og det gjorde dei heller ikkje etter krigen: Pengane måtte i staden inviterast i Tyskland, og tittelen på boka er henta frå ein beskjed ein tilsett i firmaet fekk. Han investerte alle pengane Troye hadde på bok i Tyskland, og firmaet eigde dette til etter at Berlinmuren fall.

Det er ei god historie, men det hadde nok fungert betre som ein artikkel enn i bokform. Det skjer ikkje så mykje dramatisk i detaljane, slik at avsnittet over får fram det viktigaste i historia. Det kjem mange detaljar, både om firmaet i Bergen, om dei tilsette, og om ein stor eigedom dei kjøpte utanfor Bergen. Desse detaljane engasjerer lite, og boka vert etter kvart heller keisam. Det tek seg opp i etterordet, der Borch samlar trådane i soga. Borch er ikkje heilt inhabil, det høyrer med til historien at han er direkte etterkomar av Johan Troye, den mektigaste i familien under og etter fyrste verdskrigen.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

23. september 2019

Einar (2019)

Einar Gerhardsen hadde eit langt og innhaldsrikt liv. Han døydde i 1987, 90 år gamal. Han vaks opp i Oslo, slo seg saman med kommunistane, og reiste til Moskva for å høyra Lenin tala. Han vart med i Arbeidarpartiet, og vart ordførar i Oslo. I 1942 vart han send til konsentrasjonsleir i Tyskland. Etter krigen viste han seg som ein dyktig politikar, manøvrerte seg sjølv inn i leiinga i AP, og sat som statsminster i 17 år, fordelt på tre periodar. Siste gong han gjekk av var i 1965, og deretter var han så til dei grader ein grand old man i AP.

Det skulle altså vera nok av å ta av for å laga ein god serie om livet hans. Her er då òg mykje godt, og for ein som meg, som ikkje har altfor god kjennskap til livet til Gerhardsen, var her mykje nytt. Erling Borgen har brukt gamle opptak, han bruker sjølvbiografien til Gerhardsen flittig, og har òg snakka med både familie og andre. Me får eit greitt bilete av livet hans, men eg skulle gjerne hatt meir. Mot slutten vert til dømes oppgjeret mellom Gerhardsen og Haakon Lie nemnt, der anten Lie skulle knusa Gerhardsen som ei lus, eller Gerhardsen spurte om Lie ville knusa han som ei lus. Det vert ikkje følgt opp i det heile - Borgen burde ha teke med noko om korleis tilhøvet mellom dei to var i etterkant. Og eg har ei kjensle av at Gerhardsen var sentral i oppbygginga av velferdsstaten - det burde vel òg Borgen fått betre fram.

Så serien er bra, men han hadde nok vorte betre om dei hadde laga ein episode eller to til.

Guffen tilrår.

22. september 2019

Oppdrag Mottro (Gamlekinoen, Voss, 18.9.2019)

Linda Eide har lenge brukt samtalane med mor si, Mottro, i artiklar og bøker og andre ting. I 2018 laga ho ei framsyning med utgangspunkt i desse tekstane, og i haust turnerer ho med denne. Ho hadde to framsyningar på Voss, heimbygda hennar, denne veka.

Ho står heilt åleine på scena. Av og til snakkar ho med Mottro på telefon - Mottro vert spela av Liv Bernhoft Osa. Med utgangspunkt i desse samtalane prøver Eide å finna ut meir om det livet Mottro hadde før ho vart mor. Korleis var familien då ho voks opp? Korleis var livet då ho arbeidde på skip som gjekk verda rundt? Korleis var det då ho møtte han ho seinare skulle gifta seg med? Korleis var det å i praksis vera åleinemor - mannen hennar heldt fram som sjømann.

Det er mykje å le av, sjølvsagt. Eide har eit stort humoristisk talent, når ho går gjennom gamle fotoalbum ser ho kva bilete som kan få folk til le. Ho har òg full kontroll over språket. Eg har sett andre framsyningar med Eide, og her verkar ho litt meir strukturert i rørslene - eg mistenkjer at her har ein regissør fortalt ho kvar og korleis ho skal stå og gå.

Det er òg mykje alvor i framsyninga, og det er eigentleg her ho er best. Om lag midt i kjem det ei forteljing om då syster til Mottro døydde i svært ung alder, og måten den historia vert fortalt, og måten Eide får folk på låtten etterpå er meisterleg gjort. Under den historia er det heilt stille i salen.

Guffen tilrår.

Meir Eide på kulturguffebloggen
Oppdrag Mottro (bok, 2012)

19. september 2019

Edvard Hoem: Heimlandet. Barndom (1985)

Edvard Hoem har dei siste åra gjeve ut ei rekkje romanar baserte på liva til tidlegare hendingar i slekta si. Her hentar han stoffet frå sin eigen barndom. Tittelen har ei form som gjer at ein tenkjer at ein seinare oppfølgjar ville heitt XXX. Ungdom, men så langt har ikkje Hoem skrive den boka.

Hoem er fødd i 1949, i Fræna i Romsdal. Det er ikkje lenge sidan, men lenge nok til at han fekk med seg overgangen til den moderne tida. Han hugsar då dei fekk straum, han hugsar korleis slektene var bundne til jorda dei dyrka, han hugsar korleis det var i små og kalde skulehus, han hugsar korleis det var før traktoren tok over for hesten, han hugsar korleis det var då alle i Molde kalla heimbygda hans for Karviland.

Og dette lagar han ein fin roman av. Av og til dukkar forfattaren opp med ei eg-røyst, som regel vert det heile sett gjennom "han" sine auge. Han er ein oppvakt gut, som ikkje berre likar å lesa, men likar det betre enn alt anna. Han ligg langt over jamaldringane sine, og han syg til seg det han kan av kunnskap. Det går gradvis opp for han at sjølv om han er odelsgut kan han ikkje ta over garden, slik han burde, og slik spesielt bestefaren forventar. Faren er omreisande emissær, og forstår betre at verda utanfor kan vera interessant.

Guffen tilrår.

Meir Hoem på kulturguffebloggen

16. september 2019

Bjørn Jarle Sørheim-Queseth: Ensom som Elvis (2017)

I 1997 vart ein dokumentar om Kjell Henning Bjørnestad, ein Elvis-imitator frå Sørlandet, vist på NRK. Det var ein litt rar dokumentar, det var både trist og morosamt å sjå korleis han tok plastiske operasjonar for å verta mest mogeleg lik Elvis. Han likna meir og meir, og hadde òg ei akseptabel songrøyst.

Denne boka fortel historia om Bjørnestad, som gjerne går under namnet Kjell Elvis. Det er ein autorisert biografi, med alt det det fører med seg. Bjørnestad ser ein Elvis-film på fjernsyn, og vert gradvis meir og meir oppteken av Elvis. Han kjem frå ein musikalsk og musikkglad familie, og er scenevan då han i militæret for fyrste gong opptrer som Elvis. Han gjer det etter kvart til eit levebrød, og tek del i fleire tevlingar for Elvis-imitatorar, både i Europa og USA. Han vinn fleire i Europa, men kjem aldri heilt til topps i USA.

Boka er litt for grundig og omstendeleg. Det kuriøse med Kjell Elvis vert tona ned, og Sørheim-Queseth presenterer ein seriøs kunstnar. Alt han tek i vert ikkje til gull, og boka er veikast når ho presenterer nedturane. Bjørnestad tapte store summar på å arrangera Elvis-festivalar, og her er det opplagt at forfattaren burde køyrd Bjørnestad hardare. Kva i alle dagar tenkte han på? Og kvifor snakka han om artistar som ikkje skulle koma, når han marknadsførte festivalane? Og kvifor skriv ikkje Sørheim-Queseth rett ut kor idiotisk det er at Bjørnestad, ti dagar før ein av festivalane, reiser til USA for å overtala Priscilla Presley til å ta turen til festivalen? Han får ikkje ein gong snakka med ho der borte.

Så det var ikkje altfor mykje å skryta av, dette. Boka har diverre òg ein litt amatørmessig framtoning, med svake gråtonar på alle sider med tekst, og med altfor mange skrivefeil.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

15. september 2019

Jann S. Wenner og Joe Levy (red.): The Rolling Stone Interviews (2007)

Av dei amerikanske musikkblada var Rolling Stone eitt av dei viktigaste. Det er det kanskje framleis, sjølv om trykte blad ikkje er så viktige lenger. Spesielt i 1970-åra var dei viktige og gode. Eitt av kjennemerka var grundige og gode intervju. I denne boka er førti slike samla. Dei fleste intervjua er med musikarar, men her er òg intervju med forfattarar, skodespelarar, regissørar og poltikarar.

Innvendingane fyrst: Nokre av intervjua er rart oppbygde. Eg veit ikkje om dei er redigerte, men det verkar merkeleg å intervjua Bono, og omtrent berre snakka om oppvekst og religion. Det verkar merkeleg å intervjua Courtney Love og snakka om Kurt Cobain i meir enn halve samtalen. Her er òg intervju med folk som er så uinteressante at eg hoppar over halve intervjuet.

Men det er òg mange godbitar. Her er til dømes eit fint intervju med Cobain, trykt tre månader før han tok livet sitt. Dei fleste av dei beste intervjua kjem tidleg i boka, intervjua står kronologisk, og intervjua med Jim Morrison, John Lennon, Pete Townshend og Neil Young er alle flotte. Alle intervjua er bygde opp på same måte - det er utelukkande spørsmål og svar, og det er eit godt format.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Joe Hagen: Sticky Fingers (2017)
Jann Wenner: The Masters (2023)

13. september 2019

Wilco (USF, Bergen, 7.9.19)

Det er diverre altfor lenge mellom kvar gong dette skjer: Eg er på konsert med eit band eg ikkje kjenner altfor godt. Eg har nokre plater med Wilco, men ingen spesielt ferske. Eg las nyleg sjølvbiografien til sjefen i bandet, Jeff Tweedy, og fann ut at eg ville ha med meg denne konserten.

Det var vel verdt det, konserten var over middels, og det kan godt henda at eg hadde angra om eg ikkje hadde teke turen. Nokre songar var fabelaktige, mange var svært bra, medan andre igjen var meir midt på treet.

Tweedy er ein sjarmerande forteljar, men me merka ikkje altfor mykje av det her, i alle fall ikkje mellom songane. Rundt halve konserten gjekk før han sa noko - han nytta høvet til å orsaka for at han ikkje hadde sagt noko så langt. Derfrå og ut var han meir snakkesalig.

Musikken? Det ligg vel framleis nokre americana-røter i det dei presenterer, men ikkje alltid. Høgdepunkta var nok eit par av dei songane eg kjende frå før ("War on War", "California Stars" frå Melrose Avenue, "Jesus, etc.", ein song Bill Fay har covra), men der var altså òg mykje anna bra. Av dei fem andre på scena var gitaristen Nels Cline glimrande.

Guffen tilrår.