5. februar 2024

James Joyce: Dubliners (1914)

Nja. Eg trur eg likte denne betre då eg las ho for mange, mange år sidan. No var det tidvis så seigt at eg nesten ikkje kom meg framover.

Det er ei novellesamling. Joyce var 25 år då boka kom ut, og det handlar om folk i heimbyen hans. Eller kanskje det berre handlar om heimbyen hans. I dei 15 novellene møter me folk med ulike ambisjonar og ulike mål. Nokre skjønar kva som skjer, andre er meir uvitande.

Nokre av novellene er gode, men det er for mange der det ikkje skjer så mykje. Eg saknar dei uventa vendingane, dei små eller store grepa som verkeleg vert imponert.

Så det er litt opp og ned, men så kjem den fabelaktige "The Dead" til slutt. Det er den suverent lengste novella i boka, og her skjer det verkeleg noko mot slutten. Det handlar stort sett om eit selskap, men mot slutten fylgjer me eit ektepar som skal overnatta på hotell. Han drøymer om noko hankypanky; ho tenkjer på ein gut ho møtte då ho var heilt ung, og som døydde kort tid etterpå. Ein aldeles meisterleg slutt på novella og novellesamlinga.

Guffen er lunken. 

Meir Joyce på kulturguffebloggen
Dei døde (1914)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar