4. februar 2024

The Greatest Night in pop (2024)

Snakk om ambisiøs tittel. Det handlar om innspelinga av singelen "We are the World" i 1985, der mange av dei største amerikanske stjernene var samla ei natt i eit studio i Los Angeles. Dei som var der hadde det (stort sett) kjekt, og replikken til Paul Simon råka blinken: Viss ei bombe eksploderer her no, er John Denver tilbake på topp. 

Filmen er heilt grei. Den fyrste delen handlar om ideen, og om dei logistiske utfordringane med å samla så mange på ein gong, og å få skrive ein song på relativt kort tid, omtrent på kommando. Så vart heile innspelinga dokumentert, og det er det resten av filmen handlar om. Nokre tullar, nokre tek det på alvor, nokon har drukke litt for mykje, dei fleste er i godt humør.

Det kjem ingen augneblinkar som gjev meg gåsehud, men det kan jo henda skuldast at sjølve songen er aldeles forferdeleg, og at det ikkje er spesielt mange av dei som syng eg har noko større sans for. Og sjølv om filmen sluttar med ein triumferande tekst om at singelen samla inn enormt mange millionar dollar til naudhjelp, er det lett å tenkja at fleire av dei som er med kunne gitt (nesten) like mykje åleine.

Guffen er lunken. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar