Viser innlegg med etiketten Capote. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Capote. Vis alle innlegg

9. november 2024

Truman Capote: Other Voices, Other Rooms (1948)

Nja. Eg har ei rar kjensle av at eg såg filmatiseringa av denne romanen då eg budde i Bergen for lenge sidan, truleg i filmklubben. Viss det stemmer har det ikkje gjort stort inntrykk. Det var i alle fall ikkje mykje i boka eg kjende att. Eller - det kan henda at filmen hadde like lite å by på som boka, og at eg difor har fortrengt det meste.

For denne boka var vel ein nedtur. 13 år gamle Joel Knox har budd i New Orleans, men då mora døyr flyttar han ut på landet, til plantasjen der faren bur. Han har ikkje hatt kontakt med faren på lenge, og han både ser fram til og gruar seg til å møta han. På veg til plantasjen møter han fleire halvrare folk, og slik er det òg på sjølve plantasjen. Stemora. Ein eldre eks-slave. Barnebarnet til eks-slaven, som no er kokk på plantasjen. Syskenbarnet til stemora, ein homofil kunstnar som bur der. Nokre omtrent jamgamle jenter i nabolaget.

Her er nokre fine skildringar og vendingar, men det er ein roman utan noko større framdrift. Det vert òg altfor ordrikt og livlaust, og utover i romanen var det tungt å koma vidare. 

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Meir Capote på kulturguffebloggen
Breakfast at Tiffany's (1958)
Breakfast at Tiffany's (film, 1961)
In Cold Blood (1966)
In Cold Blood (film, 1967)
First and Last (1995)
The Early Stories of Truman Capote (2015)
A Christmas Memory (2020)

26. september 2023

Truman Capote: A Christmas Memory (2020)

Denne boka inneheld fem noveller. Jol er eit gjennomgåande tema, i alle fall til ei viss grad. I nokre noveller spelar jolehøgtida ei rolle, andre stader er det meir tilfeldig. Fire av novellene er finfine.

Dei tre fyrste verkar alle å vera bygde på eigne opplevingar. Forteljaren er ein gut som veks opp hjå slektningar. Han har berre ein nær ven, den langt eldre og noko enkle slektningen han kallar Sook. I den fyrste novella bakar dei jolekaker. I den andre overtalar ho han til å invitera ein klassekamerat som plagar han til Thanksgiving-selskapet dei skal ha. I ei tredje må han reisa til New Orleans for å feira jol saman med far sin. Desse tre novellene er flotte, flotte - dei er bygde opp perfekt, det er nett passeleg med jolestemning, og dei sluttar alle på ein uventa og uvanleg varm måte.

Så kjem det ei fin novelle om ei ung kvinne som flyttar til New York for å skapa seg eit betre liv, utan at ho får det heilt til. Og til slutt kjem den veikaste av dei fem, der alle ungane i småbyen er opptekne av ein konkurranse der det gjeld å tippa kor mykje pengar som ligg i ei stor glaskrukke.

Eg har lese nokre bøker av Capote. Det er stort sett stas heile vegen, og det kan henda eg må få tak i meir. Ein fin forfattar.

Guffen tilrår.

Meir Capote på kulturguffebloggen
Other Voices, Other Rooms (1948)
Breakfast at Tiffany's 
(1958)
Breakfast at Tiffany's (film, 1961)
In Cold Blood (1966)
In Cold Blood (film, 1967)
First and Last (1995)
The Early Stories of Truman Capote (2015)

26. juli 2019

Truman Capote: Breakfast at Tiffany's (1958)

Eg har lese litt av Capote dei siste åra - ikkje mykje, men nok til at eg har likt det. Denne korte romanen vart filmatisert kort tid etter at han kom ut, og filmen var ikkje noko stor oppleving for meg. Eg tok likevel sjansen på denne boka, og det var det verdt.

Kort fortalt: Eg-forteljaren fortel om den korte tida han kjende Holly Golightly. Ho kastar glans over det meste, men skjuler ei fortid som ikkje er heilt stoverein. Ho vert òg, kanskje av di ho er altfor naiv, blanda inn i noko narkokriminalitet. Forteljaren bur i etasjen over ho, og prøver å hjelpa der han kan, men det går ikkje like greitt alltid. Holly styrer med alt og alle, akkurat som ho vil, og det viser seg vel at ingen kjenner ho spesielt godt. Ho legg opp falske frontar i alle retningar.

Boka er svært velskriven. Capote bruker akkurat dei rette orda, og han bruker akkurat nok av dei. Både forteljaren, Holly og eit par av dei andre som er innom er spanande figurar, som ein gjerne skulle ha lese meir om.

I Penguin-utgåva eg las var det med tre noveller av Capote. Alle er fine.

Guffen tilrår.

Meir Capote på kulturguffebloggen
Other Voices, Other Rooms (1948)
Breakfast at Tiffany's (film, 1961)
In Cold Blood (1966)
In Cold Blood (film, 1967)
First and Last (1995)
The Early Stories of Truman Capote (2015)
A Christmas Memory (2020)

11. april 2016

Truman Capote: First and Last (1995)

I 1990-åra, for å feira sin eigen 60-årsdag, gav forlaget Penguin ut nokre (60?) miniatyrbøker. Lite format, få sider. Eg kjøpte rundt ti av dei, men har ikkje lese alle. Eg var ein snartur til Bergen i helga, og tok med denne som lesestoff.

Her er to korte forteljingar i boka. "Master Misery" er frå tidleg i forfattarskapen, "La Côte Basque" er frå slutten - eg reknar med at det er forklaringa på boktittelen. Den fyrste var skriven som ei avslutta forteljing, den siste var tenkt som eit kapittel frå ein roman (som aldri vart fullført). Begge er verdt å lesa.

"Master Misery" handlar om ei ung kvinne i New York. For å spe på inntekta sel ho draumane sine til ein velståande mann - ho (og mange andre) møter opp og får mellom fem og ti dollar per draum. "La Côte Basque" handlar om sosieten i New York - to kvinner sit på ein fasjonabel kafé og sladrar om andre som kjem innom. Forteljinga/kapitlet vart publisert i 1975, og det var rimeleg opplagt at Capote hadde skildra verkelege personar. Det likte dei forståeleg nok dårleg, dei to sladrande kvinnene sparar ikkje akkurat på krutet.

Guffen tilrår.

Meir Capote på kulturguffebloggen
Other Voices, Other Rooms (1948)
Breakfast at Tiffany's 
(1958)
Breakfast at Tiffany's (film, 1961)
In Cold Blood (1966)
In Cold Blood (film, 1967)
The Early Stories of Truman Capote (2015)
A Christmas Memory (2020)

7. desember 2015

Truman Capote: The Early Stories of Truman Capote (2015)

Det er lett å vera skeptisk til utgjevingar som denne, spesielt dei som kjem etter at forfattaren er død. Er boka interessant for andre enn dei som kjem til å tena pengar på ho, og for dei som studerer akkurat denne forfattarskapen? I dette tilfellet er svaret ja, men ofte vil det vera slik at det var ein grunn til at arbeid hamna i skrivebordskuffa.

Her er fjorten noveller i denne boka. Manuskripta vart funne i arkivet til Capote. Dei var alle udaterte, men i eit etterord i boka vert det opplyst at dei ferskaste novellene vart skrivne mellom 1945 og 1947, altså før Capote fylte 23 år. Mange er skrivne før han fylte 20, og rundt halvparten vart publiserte i skuleavisa til Greenwich High School i Connecticut, der Capote var elev.

Det er ungdomsarbeid, men det er ungdomsarbeid som held høgt nivå. Språket er godt, ordforrådet imponerande, og stort sett er novellene godt oppbygde. Nokre av dei lir rett nok av at slutten anten vert for slapp, eller at Capote forklarar litt for mykje mot slutten, men dei fleste sit godt. Hovudpersonane er som regel folk som fell litt utanfor, og påfallande mange er jenter eller kvinner. At den unge Capote skriv godt om barn og unge er greitt, men det er meir overraskande at han så godt kan setja seg inn i korleis eldre kvinner har det.

Guffen tilrår.

Meir Capote på kulturguffebloggen
Other Voices, Other Rooms (1948)
Breakfast at Tiffany's 
(1958)
Breakfast at Tiffany's (film, 1961)
In Cold Blood (1966)
In Cold Blood (film, 1967)
First and Last (1995)
A Christmas Memory (2020)

15. februar 2014

In Cold Blood (1967)

Det er ikkje lenge sidan eg las boka denne filmen er basert på, slik at handlinga i filmen var godt kjent. Likevel var det ein film det var vanskeleg å ikkje fylgja med på. I større grad enn boka spelar filmen på motsetnadene mellom Perry og Dick, dei to kriminelle som trur dei vert rike dersom dei ranar den ekstremt vellukka Clutter-familien. Det går ikkje heilt etter planen - dei kjem seg vekk med ein kikkert, ein radio, og rundt 40 dollar. Og før dei forlet huset drep dei alle fire familiemedlemmane.

Dick er ikkje spesielt oppvakt; det verkar som om det å vera kriminell er det som driv han. Han vil høyra til på utsida, og han har ingen sympati med Clutter-familien i det heile. Perry er meir tenksam; han les bøker og spelar gitar, og korrigerer Dick når han snakkar grammatisk feil. Han vil eigentleg ikkje ta livet av Clutter-familien, og han hindrar Dick i å valdta dottera i familien. Perry er likevel langt meir ustabil, han har lett for å gå inn i ei fantasiverd, og det er han som skyt dei fire.

Filmen er godt bygd opp. Han vekslar mellom forbrytar og offer, og filminga frå Clutter-huset stoppar rett før dei kriminelle handlingane tek til. Deretter handlar det om jakta på mordarane, før dei i avhøyr fortel kva som skjedde i huset. Slutten av filmen, der dei to sit i fengsel og ventar på eksekusjonen, er det einaste som dreg filmen litt ned, og den delen kunne med hell vore kutta ned.

Guffen tilrår.

Meir Capote på kulturguffebloggen
Other Voices, Other Rooms (1948)
Breakfast at Tiffany's 
(1958)
Breakfast at Tiffany's (film, 1961)
In Cold Blood (1966)
First and Last (1995)
The Early Stories of Truman Capote (2015)
A Christmas Memory (2020)

21. oktober 2013

Truman Capote: In Cold Blood (1966)

Herbert Clutter var ein ideal-amerikanar. Han og familien budde i småbyen Holcomb i Kansas. Dei to eldste ungane i familien hadde flytta heimefrå; dei to minste budde framleis heime. "Of all the People in all the world, the Clutters were the least likely to be murdered", står det i boka.

Men likevel var det det som skjedde. Ein morgon i 1959 vart dei fire funne drepne, skotne i fire ulike rom i huset deira. Naboane hadde ikkje høyrd noko, og dei einaste spora var to utydelege fotspor, som viste at der måtte vera minst to mordarar. Politiet ante ikkje var dei skulle leita. Clutter var utan fiendar, alle i lokalsamfunnet visste at han ikkje hadde pengar heime. Politiet stod i stampe, heilt til ein innsett i eit fengsel fortalde at han hadde tipsa ein tidlegare cellekamerat om at Clutter budde relativt avsides og var tjukk i pengar. Politiet spora raskt opp cellekameraten, og ein kjenning av han. Dei to vart dømde til døden året etter, og nokre år seinare igjen vart begge hengde.

Boka vart visst rimeleg heitt debattert då ho kom. Capote skriv det heile som ei dokumentarbok, og det var noko nytt. Med eit slikt grep kom det ikkje uventa mange korrigerande merknader: Det møtet skjedde ikkje akkurat der. Korleis kan han vita kva dei to drepne ungane snakka om kvelden før dei vart drepne? For meg vert slike innvendingar berre pirk, og det har ingenting å seia for leseopplevinga. Då er det verre at Capote går litt for grundig inn i saka. Han skriv om forhistoria til alle dei impliserte, og vert litt for ivrig når det gjeld forhistoria til dei to mordarane. Der kjem den same historia fleire gonger. Mot slutten av boka skildrar han livet deira i fengsel, der dei ventar på å mista livet, og her går Capote òg alt for langt inn i historia til dei andre som sit og ventar.

Guffen er lunken.

Meir Capote på kulturguffebloggen
Other Voices, Other Rooms (1948)
Breakfast at Tiffany's 
(1958)
Breakfast at Tiffany's (film, 1961)
In Cold Blood (film, 1967)
First and Last (1995)
The Early Stories of Truman Capote (2015)
A Christmas Memory (2020)

10. mars 2013

Breakfast at Tiffany's (1961)

Denne filmen opnar med songen "Moon River", ein Henry Mancini-song som er så fabelaktig at Burt Bacharach truleg ville gitt kva som helst for å ha skrive han. Diverre går alt nedover derfrå.

Holly Golightly er ei ung kvinne, busett i New York. Ho har ikkje arbeid, men har ei viss inntekt av å lura velståande menn ho møter på byen, og ei viss inntekt av å verta lurt av ein mafiaboss i New York. Ho er rotete og distre, misser heile tida husnøkkelen, og det fyrste som skjer i filmen er at ho midt på natta må vekkja den japanske naboen sin, for å få han til å låsa henne inn. Måten han kolliderer med alt i leilegheita si, på veg til døropnaren, er noko av det mest patetiske eg har sett. Det er meininga at me skal le av det, trur eg.

Ein ung mann flyttar inn i etasjen over henne. Det ligg så til dei grader i lufta at dei kjem til å verta eit par, men før dei kjem så langt har begge vore innom andre. Og me som ser på har òg vore innom mykje anna, sånn i tankeverda. Her er ingenting å le av, her er langt mellom dei gode replikkane, og både skodespel og historie er heilt på det jamne.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Capote på kulturguffebloggen
Other Voices, Other Rooms (1948)
Breakfast at Tiffany's 
(1958)
In Cold Blood (1966)
In Cold Blood (film, 1967)
First and Last (1995)
The Early Stories of Truman Capote (2015)
A Christmas Memory (2020)