11. mai 2023

Aage G. Sivertsen: Rinnanbanden (2022)

Me såg nett ein fin NRK-serie om nokre av dei som var dømde til døden etter andre verdskrigen. Ein episode handla om Henry Rinnan og banden hans, og då eg fann denne boka på sal i bokhandelen plukka eg ho like godt med meg. 

Henry Rinnan var ein av dei verste nordmennene i andre verdskrigen. Han gjekk i tysk teneste alt frå juni 1940, og dei hadde god nytte av han: Han lurte mange i heimefronten til å tru at han var på deira side, og fekk dermed tak i namnet på mange heimefrontmedlemmer. Han torturerte fangar, og han kommanderte andre til torturera dei. Han var aldeles utan hemningar, og kunne ta livet av folk frå eigen bande. Då freden kom prøvde han å flykta til Sverige, men vart fanga og sett i fengsel. I rettssaka mot Rinnanbanden vart han dømd til døden.

Historia om Rinnan er så dramatisk at det kan skrivast gode bøker om han. Denne boka er diverre ikkje altfor imponerande. Det opnar bra, der Sivertsen fortel at han som ung fotballspelar hadde ein trenar som hadde vore med i Rinnanbanden, og at det gjorde han interessert i Rinnan. Eg trur nok òg Sivertsen har kunnskapen på plass og vel så det, men boka hadde hatt godt av strammare redigering og anna oppbygging. Det er litt rotete, me møter altfor mange folk, og det heile vert kjedeleg og lite engasjerande.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar