6. mai 2020

Churchill (2017)

Me såg etter ein film her om kvelden. Ingen av oss visste altfor mykje om Churchill, så då denne filmen dukka opp ein stad fann me ut at me skulle prøva. Det var ikkje akkurat verdt bryet, og det verste var at me ikkje fekk spesielt mykje meir kunnskap om Churchill heller.

Filmen handlar om nokre få månader i livet hans. Me er under andre verdskrigen, og dei allierte planlegg D-dagen. Eisenhower er i England, og både det amerikanske og britiske forsvaret og dei britiske politikarane vil setja i gang invasjonen. Churchill vil ikkje det. Han vil fyrst setja ein mindre del av soldatmengda i land i Italia, slik at Tyskland må senda mange soldatar dit. Fyrst då vil Churchill gå inn i Frankrike. Han vert nedstemt, og alt går slik me veit at det skal.

Biletet eg hadde av Churchill før filmen var at han var ei av drivkreftene for at Tyskland vart stoppa under krigen. I denne filmen prøvde han å stoppa heile D-dagen. Eg las litt på nettet etterpå, og det var tydeleg at historikarar som kjende Churchill godt meinte at denne filmen var rein fantasi.

Ein film kan sjølvsagt vera god sjølv om han ikkje er historisk korrekt. Det er ikkje denne. Det er vanskeleg å sjå poenget med at filmen er laga. Skodespelet er heilt greitt, men det går seint, og det heile er heller ikkje spesielt spanande eller dramatisk.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar