22. oktober 2017

Odd W. Surén: Dødsmåter (2006)

Forteljaren i denne boka, Jørgen M. Tolo minner om andre Surén-karakterar. Han er ein litt bitter mann, som ser ut til å bu ein stad ved Hordalandskysten. Tolo er forfattar, men slit med å følgja opp den siste og suksessrike boka si. Han prøver å skriva ei bok om merkelege dødsfall, men får det ikkje heilt til.

Ein dag han sit ved skrivebordet får han auga på ein gut som klatrar i eit tre. Treet står like ved ei elv, og Tolo irriterer seg over at guten leikar så nær den farlege elva. Han irriterer seg eigentleg over mykje rart, og i hyppige tilbakeblikk fortel han om korleis han ikkje passar inn, om korleis naboar og andre er kritiske til han, og så bortetter.

Den einaste han kjem litt innpå er Reidun Foldnes. Ho er bibliotekar, og hintar om at ho har levd eit spanande liv med mange løyndomar. Det viser seg at det berre er tull - der han slit med skrivesperre og ikkje kjem vidare med forteljingane sine, trillar det fantastiske historier, den eine etter den andre, ut av henne.

Det er ei fin bok, slik bøkene til Surén oftast er. Han skildrar desse nesten patetiske mennene med både sympati og humor, og det er litt dumt at eg snart er tom for Surén-bøker å lesa.

Guffen tilrår.

Meir Surén på kulturguffebloggen
Fanger og opprørere (1985)
Tyranner og tjenere (1989)
Taushetens fortrolige (1993)
Ansikter og navn (1997)
Dråper i havet (1998)
Diskrete kulisser (2000)
Kometenes øyeblikk (2001)
Knuseverk (2003)
Adgangstegn (2007)
For hva det er verdt (2010)
Den som skriver (2013)
Usynlig for verden (2015)
Krem med et hint av kuruke (2017)
Hvis vi lever neste år (2019)
Høvlingsmonn (2021)
Fall (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar