11. oktober 2017

A Beautiful Mind (2001)

John Nash er sylskarp. Målet hans på universitetet er å koma opp med ein teori som er så solid at alle andre matematikarar vil sjå opp til han. Mot slutten av livet får han ein nobelpris, men før han kjem så langt har han vore gjennom litt av kvart.

Eit stykke ut i filmen vert Nash kontakta av ein som arbeider for styresmaktene, og som treng hjelp til å knekka nokre russiske kodar. Nash vert beden om å sjå etter spor i eit utval amerikanske vekeblad, og det han finn legg han i ei halvgodt gøymt postkasse. Akkurat her verka det som om filmen vart heilt absurd, heilt til det vart klart at mykje av det Nash opplevde berre skjedde i sinnet hans. Han vert innlagt, og greier etter kvart å leva med desse indre demonane.

Filmen fekk Oscar for beste film. Det er det mange skrale filmar som har fått, og denne filmen var heller ikkje mykje å skryta av. Han skal ha pluss for å skjula sjukdomen til Nash lenge; det tok litt tid før eg skjønte at dette berre var innbilt. Men etter at den katten er ute av sekken vart det altså ein film me har sett variantar av før: Ein person får stor suksess, trass i store sjukdomsproblem.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar