3. september 2014

Carl Frode Tiller: Innsirkling 3 (2014)

Det har kome mange fine trilogiar frå norske forfattarar dei siste åra. Den vare og rørande bergenstrilogien til Jon Fosse, den imponerande Afghanistan-trilogien til Helga Flatland, den hylande morosame Vassbygdi-trilogien til Arnfinn Kolerud (der rett nok berre to band har kome ut), og så denne, som er den beste av dei alle.

Eg varma opp med å lesa dei to fyrste banda om att; det er nokre år sidan dei kom ut. Eg storkoste meg med dei fyrste gongen, og sjølv om eg ikkje hadde ei like stor oppleving denne gongen, var det framleis stort. Det er gledeleg at nivået er minst like høgt i denne tredje boka.

Utgangspunktet for trilogien er ei annonse med bilete av David, der det står at han har mist minnet, og at dei som kjende kan hjelpa han ved å senda inn brev til ei e-adresse. I dei to fyrste bøkene har i alt seks personar kome til orde, og også denne boka er delt inn i tre, der ein ny forteljar kjem til orde i kvar ny bolk. Fyrst møter me Marius, som me så vidt vart introdusert for i band to - der vert det fortalt at David som nyfødd vart forveksla med ein annan nyfødd unge, og det var Marius. Han fortel i hovudsak om korleis livet hans har vore, og korleis han tilfeldigvis fekk vita at foreldra hans ikkje var dei biologiske foreldra hans. Så møter me eks-kjærasten til David, Susanne, som er svært bitter på måten han oppførte seg på, og som, skal det visa seg, har ei nøkkelrolle i heile trilogien.

Til sist møter me David sjølv. Der dei åtte andre bolkane vekslar mellom brevskriving og reelle hendingar i livet til forteljarane, vekslar denne bolken mellom reelle hendingar, og samtalar mellom David og psykiateren hans. Det er altså lagt opp til ei fin stigning, me har lese mykje om David i dei tre bøkene, men veit altså ikkje kven han er. Dei åtte forteljarane treng ikkje vera til å stola på, det kan vera tilfeldig kva dei har inkludert, dei kan godt motseia kvarandre, og dei snakkar oftast om ting som hende for mange år, gjerne tiår, sidan. David fyller ut noko av dette, men han er jo som dei andre ein forteljar som nemner det han vil. Me får ikkje alle svara, men det er heller ikkje det viktige.

Det er mykje som er stort med denne trilogien. Ein ting er det overskotet av historier som Tiller drysser over oss. Innimellom breva og psykiatersamtalane kjem det altså ni rammehistorier, og mange av dei kunne ha vore bygde ut til romanar i seg sjølve. Der er òg mange ulike historier i breva, sjølvsagt. Det er òg råd å lesa trilogien som ein tekst om korleis Noreg har endra seg dei siste tiåra, der både verdiar og interesser og samfunnet i det heile går i ei retning som mange av forteljarane er djupt skeptiske til.

Det største med trilogien er likevel at han grev så djupt. Tiller har full innsikt i karakterane sine; forteljarane manglar alle ei liknande sjølvinnsikt. Alle forteljarane opplever og/eller fortel om situasjonar der ting bryt saman, der folk ikkje lenger greier å halda ting inne, der folk skrik til kvarandre og av og til vert valdelege. Det ligg og ulmar heile tida, det verkar heile tida som om det er like før det smell. Forteljarane tolkar ofte ting feil, slik me alle gjer, men her trur dei konsekvent at folk seier ting i verste meining, og handlar deretter. Det vert ein liten veikskap, og det er litt skuffande når også David i si forteljing fortel om akkurat dette.

Det ligg altså og ulmar også i forteljinga til David. I alle fall lenge, den aller siste delen av den forteljinga har ei anna stemning. I alle fall lenge - Tiller legg opp til ei nesten rørande fullføring av sirkelen sin, ved at David reiser attende til barndomsheimen på Otterøya utanfor Namsos. Det går ikkje heilt som me hadde tenkt, men men eg var likevel rørt då eg la den ferdige boka frå meg. Kanskje eg berre var glad over å ha lese ei så fortreffeleg bok.

Guffen tilrår.

Meir Tiller på kulturguffebloggen
Skråninga (2001)
Bipersonar (2003)
Innsirkling (2007)

Folkehelsa (2009)
Innsirkling 2 (2010)
Innsirkling (DNT 9.2.11)
Portrett av ein varulv (2011)
Kven er redd? (2015)
Begynnelser (Trøndelag Teater, 7.9.16)
Begynnelser (2017)
Flukt (2021)
Det framande landet (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar