25. september 2014

Gunnhild Øyehaug: Undis Brekke (2014)

Undis Brekke er ein ikkje heilt vellukka akademikar. Ho har nyleg flytta attende til Sunnmøre for å undervisa på ein høgskule ho tidlegare var student ved. Dei tilsette ved norsk-avdelinga er samla til julebord, der dei et smalahove. Samtalen går fritt, ho kjenner nokre av dei andre og kjenner til nokre fleire. Innimellom dette etegildet kjem ho med stadige tilbakeblikk, der ho fortel om tilhøvet til mora, til vener og kjende, til kjærastar, og etter kvart får me eit godt inntrykk av kven ho er.

Ho er ikkje den ho gjerne vil framstå som. Ho har ikkje fått til så mykje i livet. Ho fekk ikkje fullført doktergradsarbeidet sitt. Ho har ikkje fått seg familie. Ho framstår som flink i faget og har altså fått seg høgskulejobb, men anar ingenting om barokken, som ho skal undervisa i. Omtrent det einaste vellukka ho har gjort var å skriva ein sjølvbiografisk og litt for utleverande roman.

Det er ei fornøyeleg bok. Her er nok å smila av, og grepet med den gjennomgåande smalahovefesten fungerer svært godt. Øyehaug skriv godt, komponerer like godt, og siglar opp som ein favoritt.

Guffen tilrår.

Meir Øyehaug på kulturguffebloggen
Kvinner i for store herreskjorter (film, 2015)
Draumeskrivar (2016)
Presens maskin (2018)
Vonde blomar (2020)
Hjartet i skalkeskjulet (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar