10. november 2020

UXA, sesong 1 (2020)

Å reisa rundt i USA for å snakka med folk er ikkje det mest originale utgangspunktet for ein fjernsynsserie. Av og til fungerer det greitt, andre gonger går det på trynet. Denne serien kjem svært godt frå det.

Thomas Seltzer flytta frå USA til Noreg då han var seks år. No vitjar han USA, dels for å vitja stader og folk han kjenner frå før, dels for å finna ut litt om stemninga i landet før presidentvalet. Eit gjennomgåande tema er den amerikanske draumen. Finst han i dag? Er draumen den same som for mange år sidan? Er han oppnåeleg for alle? 

Det er ikkje noko lystig USA Seltzer vitjar. Han oppsøkjer stader der det ikkje har gått så bra, stader som ligg langt utanfor dei vanlege turistløypene. Han har ubehagelege stikkord - korleis taklar amerikanarane at hjørnesteinsverksemder vert lagt ned? Kva synest dei om innvandrar? Korleis kan dei dyrka Trump slik dei gjer? Seltzer er innom i byen han vaks opp i, der mykje er endra, men der han får lov til å koma inn i banrdomsheimen. Han vitjar òg to syskenborn - ei som elskar Trump, og bror hennar som avskyr Trump. Det er ganske opplagt kven av dei to som er i fast arbeid, og som verkar mest oppegåande.

Guffen tilrår. 

Meir Seltzer på kulturguffebloggen
UXA, sesong 2
 (2022)
Amerikansk karmageddon (2022)
UXA, sesong 3 (2024)
Seltzer: Den norske fattigdommen (2025)

8. november 2020

Arsène Wenger: My Life in Red and White (2020)

Arsène Wenger var manager for Arsenal i 22 år. Han gjorde det bra best dei fyrste ti åra, fram til klubben opna nytt stadion i 2006. Deretter var klubben prega av at dei hadde eit stort banklån. Dei kom seg likevel til Champions' League dei fleste åra, og vann òg FA-cupen tre gonger dei siste fem åra Wenger var der. Åra han var der endra fotballen seg heilt - fleire klubbar vart kjøpte opp av ekstremt rike folk, og desse klubbane hadde ein heilt anna økonomi enn Arsenal. I denne boka er Wenger oppteken av å få fram at dei ikkje konkurrerte på like vilkår: Arsenal hadde ein stram økonomi med store lån; dei andre klubbane hadde botnlause pengebingar.

I intervju var Wenger reflektert og oppegåande. Han er universitetsutdanna, språkmektig, og har heile tida framstått som ein rimeleg klok kar. Han hadde klare meiningar, men var samstundes så lojal at han ofte heldt mange detaljar tilbake. Mange har sett fram til denne boka, i von om at han no skulle opna seg meir.

Det er ikkje berre dei som vert skuffa. Boka er altfor, altfor overfladisk. Wenger går aldri djupt inn i det han skriv om. Han kjem med mange hint om det med pengar, men han forklarar det ikkje grundig nok. Tekstdelen av boka er på berre 260 luftige sider (det kjem i tillegg femti sider med statistikk til slutt), og i desse 260 sidene er det òg mange blanke - før kvart nytt kapittel er det minst tre blanke sider. 

Ja, han fortel om suksessar, og ja, han fortel mest om Arsenal. Han fortel om spelarar han har kjøpt og selt, om spelarar han har hatt eit nært forhold til, men han tek for lett på det. Me får òg vita at han stort sett tenkte på seg sjølv heile yrkeslivet, og såg fotballkampar heile døgeret, men han slepper oss ikkje altfor tett innpå seg. Ein eller annan gong skriv nok nokon andre ein biografi om Wenger, og det er vanskeleg å tenkja seg at den vert like livlaus og like lite engasjerande som dette.

Guffen kan ikkje tilrå dette.   

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
Paul McGuigan og Paolo Hewitt: The Greatest Footballer You Never Saw (1997)
John Aizlewood: Playing At Home (1998)
Uli Hesse: Tor! (2003)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

7. november 2020

Deadwood, sesong 3 (2006)

 

Handlinga er framleis basert på historiske hendingar. Ved byen Deadwood, i det som etter kvart vart South Dakota, er det enorme mengder gull i åsane rundt. Det har drege mange til byen. Nokre kjem for å grava gull, nokre kjem for å selja alkohol, nokre kjem for å selja kroppen sin.

I sesong 2 kom George Hearst til byen, og han har ei nøkkelrolle i denne sesongen. Han vil ta makta i byen, han vil sikra seg dei gruvene som gjev størst inntekt. Han spelar etter eigne reglar, og har sterke allierte. Gjennom heile sesongen er denne maktkampen den raude tråden, og det byggjer seg opp mot eit enormt klimaks. Hearst får inn mange revolvermenn, medan historiske heltar som Wyatt og Morgan Earp dukkar opp, truleg klare for å kjempa mot Hearst.

Men klimakset kjem aldri. Det heile fislar vekk i ingenting. Earp-brørne forsvinn ut av serien omtrent før dei er komne inn. Sesongen sluttar med at ingenting er avklart, anna enn at Hearst reiser frå byen. Kanskje tanken var at alt skulle halda fram i ein fjerde sesong, men den kom aldri. I staden kom det ein eigen film, der handlinga er lagt til ti år seinare.

Guffen er lunken. 

Meir Deadwood på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2004)
Sesong 2 (2005)
Deadwood. The Movie (2019)

1. november 2020

Jaga Jazzist (USF, Bergen, 30.10.2020)

Det var rart å vera på konsert igjen. På førehand var eg redd for at eg ville tenkja for mykje på smittefaren, det er langt høgare smitte i Bergen enn på Voss, men det var tydeleg at arrangørane hadde klare retningsliner. Alle sat, anten åleine eller saman med dei dei kom saman med, og det var òg rart: Det er noko heilt ann å stå enn å sitja på konsert.

Mest av alt var det stas å vera på konsert igjen. Eg har sett Jaga Jazzist ein del gonger før, men dei imponerer like mykje kvar gong. Dei åtte musikantane trakterer minst tjue instrument totalt, i tillegg til at ei av dei syng på nokre av songane. 

Det er noko alicemunrosk over mange av songane deira. Munro skriv noveller der det på eit eller anna tidspunkt skjer noko i teksten som gjer at resten av novella er fabelaktig. Slik er det òg med Jaga Jazzist. Fleire av songane har eit ordinært startparti, men nokre minutt ut i songen skjer det eit eller anna. Kanskje eit nytt instrument kjem inn, kanskje trykket endrar seg - i alle fall er det slik at resten av songen er ein fest. 

Dei spelte mange, kanskje alle, frå den ferskaste plata deira, men henta inn mange godbitar også frå tidlegare plater. Det svinga heile vegen. Dei er eit makalaust band. 

Guffen tilrår.

Meir Jaga Jazzist på kulturguffebloggen
Vossa Jazz 2014
USF, Bergen, 29.1.16
Lambda, Voss, 28.3.2026

31. oktober 2020

Ida Hegazi Høyer: Ut (2013)

Dette er den fyrste boka av Høyer eg les, men det vert nok fleire. Boka er velskriven og velkomponert, og det var stort sett ein fryd å lesa ho.

Forteljaren i boka, ei kvinne som vel vert verande namnlaus, står ved eit vendepunkt i livet. Alt ser eigentleg ut til å vera bra - ho er godt gift, dei har ein son ho gjer alt for, og livet deira er heller godt. Det er likevel ei hake ved det heile: Livet deira er meir vellukka for dei som ser det heile frå utsida, enn for kvinna sjølv.

Mannen hennar arbeider med bistandsprosjekt, og er ofte på farten til andre land. Sjølv arbeider ho på ein heim for sterkt hjelpetrengande personar, og det er her me fyrste merkar at det held på å tippa over for ho. Ho tøyer grensene for kva ho har lov til - ho veit at dette handlar om andre menneske, men ser litt vekk frå det. På heimebane går det òg litt verre, og det toppar seg i skildringa av ein fest der dei har invitert omtrent alle dei har kontakt med. Og nokre til. Måten festen vert skildra på, der alle andre har det triveleg medan kvinna helst vil vera åleine, er fabelaktig.

Guffen tilrår.

Meir Høyer på kulturguffebloggen
Under verden (2012)
Unnskyld (2014)
Fortellingen om øde (2015)
Kirurgen (2022)

26. oktober 2020

The Trial of the Chicago 7 (2020)

 

I 1968 balla det litt på seg i USA. Vietnamkrigen delte landet, regjeringa var upopulær, og i løpet av nokre månader vart både Martin Luther King og Robert Kennedy drepne. Det ulma og ulma, og mange ville protestera. Då det demokratiske partiet skulle ha partikonferanse i Chicago i august kom det enorme mengder demonstrantar til byen. Etter å ha vore i byen ei veke, med daglege markeringar og protestar, samla dei seg ein kveld i ein park. Der vart det slagsmål med politiet, som gjekk hardt til verks: Minst 500 personar skal ha fått behandling av helsepersonell etterpå.

Politiet arresterte åtte av leiarane, eller dei dei meinte var leiarane, og denne filmen handlar om rettssaka deira. Det er ein finfin og fengande film. Dei åtte er heilt ulike. Dei to mest fargerike er dei to hippiane Abbie Hoffman og Jerry Rubin. Den mest seriøse er Tom Hayden, leiaren for Studens for a Democratic Society. Eitt par av dei er heilt anonyme (og dei to vart frikjende). Éin av dei, Black Panther-leiaren Bobby Seale, vert sleppt fri halvvegs i rettssaka. 

Filmen tek til om lag då rettssaka tek til, men hoppar ofte tilbake i tid. Denne vekslinga fungerer veldig godt. Kulissar og kostymar og alt slikt er òg godt laga, replikkane er gode, her er både alvor og ting å le av, så dette var altså vellukka.

Guffen tilrår. 

23. oktober 2020

Frode Grytten: Dans som en sommerfugl stikk som en bie (1986)

Frode Grytten debuterte med diktsamlinga Start i 1983. Tre år seinare kom denne novellesamlinga. Me er altså så pass tidleg i forfattarskapen hans at det er forståeleg at han ikkje har funne røysta si. 

Han er ein ung forfattar, og her skriv han mest om ungdom. Språket er av og til anstrengt ungdommeleg, der dei me møter snakkar på ein måte eg aldri har møtt nokon som snakkar. Det skal vera eit slags gatespråk, og kanskje gatespråket var slik, men det verkar ikkje ekte. Noko anna som er uvanleg er å lesa Grytten på bokmål. Boka har tolv noveller, og berre fem av dei er på nynorsk. 

Er her nokre gjennomgåande tema? Fleire stader handlar det om unge menn som prøver å finna den rette vegen inn i vaksenverda (altså ein slags parallell til Grytten som prøver å finna den rette vegen inn i forfattarverda). Dei prøver seg fram, nokre gonger treff dei, andre gonger bommar dei grovt.

Guffen er lunken. 

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)