11. oktober 2010

Lars Chr. Sande (red):De som dro ut [1986]

Ei heilt grei og lite pretensiøs bok. Den fyrste utgåva kom i 1975, då ei rekkje arrangement markerte at det var 150 år sidan masseutvandringa frå Noreg til USA tok til. Dette er ei nedkorta utgåve, men her er likevel mykje interessant.

Boka legg vekta på korleis utvandrarar frå Rogaland fann seg til rette i USA. Denne avgrensinga er likevel berre kunstig, røynslene deira var ikkje spesielt ulike røynslene til utvandrarar frå andre område. Nokre av desse personane er berre innom i korte glimt, andre fortel si eiga historie, anten via brev eller via eigne nedteikningar. Samla gjev boka eit godt bilete på kva utvandringa førte med seg, på godt og vondt. Boka er rikt illustrert, som det heiter, og biletredaktøren skal ha honnør for arbeidet sitt. Nokre gjengangarar er med, men her er mange gode bilete med motiv frå dagleglivet i USA.


Redaktøren har skrive mykje av boka sjølv, men her er bidrag frå fleire, mellom anna Alfred Hauge, som (ikkje uventa) skriv om Cleng Peerson.

Guffen tilrår.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar