12. oktober 2010

Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)

I 1986 vart den italienske fjellklatraren Reinhold Messner den fyrste som hadde vore på toppen av dei fjorten fjella over 8000 meter. Dette er sjølvsagt ein ekstrem prestasjon, men Messner gjorde det ikkje enkelt for seg sjølv. Det handla om å setja grenser, og det handla om å bryta grenser. Han skriv at han var halvferdig med samlinga før han bestemte seg for å gå på alle toppane, det som dreiv han den fyrste tida var trongen til å sjå kva han kunne greia.

Han klatra heile tida utan ekstra oksygen. Etter dei fyrste tre-fire turane såg han at det var mykje enklare å koma seg til topps viss han gjekk åleine, eller i ei svært lita gruppe. Då kunne det heile skje mykje raskare. Det førte òg til at han kunne gå på fleire toppar i løpet av eitt år. I 1984 stod han på toppen av tre ulike toppar, og året etter vart han, saman med ein annan klatrar dei fyrste som gjekk ein travers over to 8000-toppar.

Han hadde sjølvsagt mange nær døden-opplevingar. Han miste to klatrekameratar på turar dei gjekk i lag, mellom anna bror sin, og var òg med ein ekspedisjon der ein sherpa døydde. Han såg mange døde klatrarar. I omtalen av alt dette er han rimeleg kritisk til dei andre, og meiner at dei burde oppført seg slik han hadde gjort. For å gjennomføra eit slikt prosjekt må ein vera rimeleg sjølvoppteken, han var på turar til Himalaya omtrent kvart år, og tida mellom klatreturane brukte han oftast til å tena pengar til neste tur. Han er frittalande, og det verkar som om han hadde fleire uvener enn vener i klatremiljøet. Det kjem av og til hint om slik usemje, i margen er der sitat der andre snakkar negativt om han, men konteksten rundt desse sitata kjem ikkje fram. Det er altså ei bortimot einsidig framstilling, og når han framstår som eineveldig og ekstremt sjølvoppteken i si eiga framstilling, er det nærliggjande å tru at han var endå meir kontroversiell.

Kvar turskildring opnar med nokre sider med bilete. Himalaya er fabelaktig.

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Lauritzen og Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eidslott og Moen: Besseggen (2008)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar