20. juni 2019

Alf Prøysen: Trost i taklampa (1950)

Bygd og by, hand i hand. Eller kanskje ikkje. I denne romanen møter me Gunvor Smikkstugun. Ho bur i Oslo, men er ei veke på sommarferie i heimbygda, ein stad på Hedmark. Ho vil gjerne visa at ho har det bra i Oslo, men vil gjerne òg visa at ho er på heimlege trakter. Tilhøvet mellom by og bygd er det sentrale i boka, og uttrykket "flukta frå landsbygda" vert brukt ofte.

Gunvor er hovudpersonen, men me møter mange andre. Litt for mange andre. Boka er på berre 120 sider, så det er ikkje tid nok til at me vert godt kjende med alle. Men dei er her, alle saman: Dei som er skeptiske til alt frå bygda. Dei som er skeptiske til alt frå byen. Dei som berre drikk og slæst. Dei som baksnakkar andre. Dei som legg store planar som fell i grus.

Gunvor er heime på sjølve blåklokkevikua. Den vert avslutta med ein dans på lokalet, der nokre får den dei vil ha, der nokre ikkje får nokon, og der andre igjen får ein blåveis.

Boka er skriven på hedmarksdialekt. Det går greitt å lesa ho, det enklaste er å førestella seg at Prøysen les det høgt. Dette er den einaste romanen hans, og han kjem heilt greitt frå den oppgåva.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar