10. juni 2019

Jan H. Landro: Frå Nora til Karl Ove (2017)

Dette er jo ein svært god idé: Ein av dei dyktigaste kulturjournalistane i landet går gjennom den norske litteraturhistoria, og skriv om oppdikta personar som har gjort inntrykk på han. Han presenterer 84 slike. Mange av dei opplagte er med, andre stader gjer han uventa val. Kvar forfattar kan berre vera med éin gong, og då ryk Elling til fordel for Erling.

Her er ting å trekkja for. Når Landro presenterer desse personane, vert det ofte ved å referera boka eller bøkene dei er med i. Eg skulle gjerne sett at han gjekk djupare inn i personane, og fekk klarare fram kvifor dei var fengande. Dessutan er òg tittelen misvisande - Nora er Nora i Et dukkehjem, og eg rekna med at Karl Ove var hovudpersonen i Min kamp. Slik er det ikkje - Knausgård-karakteren Landro skriv om er Henrik Vankel frå Ute av verden. Tittelen på boka vert altså eit billeg salstriks, der ein vender seg mot dei mange Min kamp-lesarane.

Men her er òg mykje godt. Nokre personomtalar er svært solide. Mange av omtalane gav meg lyst til å lesa bøkene Landro skriv om, eg noterte i alle fall ti titlar eg bør få tak i. Og av og til fekk eg lyst til å lesa bøker opp att. Omtalane opnar med namnet på personen, medan boka ikkje vert nemnt før til slutt. Så då Landro refererte frå Gjennom natten tenkte eg at dette høyrdest ut som ei interessant bok, tok det to-tre sider før eg merka at dette var noko eg faktisk hadde lese. Det verkar som om Landro har gjort eit godt utval av forfattarar, og i farten kom eg ikkje på nokre eg sakna.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar