19. september 2015

Kurt & Courtney (1998)

I august såg eg den nye og autoriserte dokumentarfilmen om Kurt Cobain. Eg likte han, men var som vanleg ørlite skeptisk til alt som er autorisert. Det er sjølvsagt ikkje det same som at alt som er uautorisert er bra. Denne filmen er så til dei grader uautorisert. Og han er aldeles hårreisande dårleg.

Nick Broomfield, som har laga filmen, verkar mest interessert i å pirka i rykta om at Cobain vart drepen. Han kjenner att ein konspirasjonsteori når han ser han, og snakkar med fleire som kan fortelja at forholdet mellom Kurt og Courtney skranta. Han snakkar med El Duce, som seier at Courtney lova han 50 000 dollar om han ville drepa Cobain. Han snakkar med ein privatetterforskar som snakkar Broomfield trill rundt. Og han snakkar med fleire som kjende Cobain (eller som hevdar at dei kjende Cobain) - felles for dei aller, aller fleste av desse er at dei ser ut til å ha eller ha hatt store rusproblem. Truverdigheit er ikkje det dei har mest av.

Men alle desse fantasiane til Broomfield er ikkje det som gjer filmen dårleg. Det går heilt fint å laga gode filmar om rare hypotesar. Filmen verkar amatørmessig. Broomfield er ein puslete intervjuar. Kameraføringa er dårleg. Det ser nesten ut som om han fullt medvite legg seg på same line som t.d. Michael Moore, men der Moore går og køyrer med mål og meining, famlar Broomfield i blinde. At Courtney Love nekta han å bruka Nirvana-musikk i filmen, og at ho nekta å stilla opp, kan vera noko av det mest fornuftige ho har gjort så langt i livet.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Nirvana på kulturguffebloggen
Everett True: Nirvana (2007)
Paul Brannigan: This is a Call (2011)
Foo Fighters. Back and Forth (2011)
Charles R. Cross: Here We Are Now. The Lasting Impact of Kurt Cobain (2014)
Cobain. Montage of Heck (2015)
Nick Soulsby (red.): Cobain on Cobain (2016)
Danny Goldberg: Serving the Servant (2019)
Dave Grohl: The Storyteller (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar