20. september 2015

Sylvia Plath: The Bell Jar (1963)

Eg las denne for mange, mange år sidan. Boka gjorde berre sånn middels inntrykk då; inntrykket er langt sterkare denne gongen.

Boka handlar om ei ung jente, Esther Greenwood. Esther utmerkar seg ved skulane ho går, og får ein luksuriøs sommarjobb ved eit motemagasin i New York. Ho ser fram til eit glamorøst liv i storbyen, men ting går ikkje heilt slik ho hadde tenkt. Ho vert meir og meir asosial og ustabil. Ho reiser attende til mora, får vita at ho ikkje har fått plass på skrivekurset ho har drøymt om, og den mentale tilstanden hennar vert verre og verre. Ho går inn og ut av nokre mentalsjukehus, ho tenkjer mykje på sjølvmord, ho prøver å ta livet sitt, men ser ut til å få livet sitt under kontroll igjen. Korleis det går får me ikkje vita, boka sluttar med at ho går inn til eit møte der dokterane hennar skal vurdera om ho er frisk nok til å verta skriven ut av sjukehuset.

Boka er skriven i eg-form, slik at me kjem veldig tett innpå Esther. Ho vert verkeleg meir og meir ustabil utover i boka, i dei fyrste kapitla er ho heilt annleis enn mot slutten. Språket er flott, tidvis poetisk - det er kanskje ikkje så rart, i og med at Plath òg var ein stor lyrikar.

Dette er den einaste romanen hennar, og han er djupt sjølvbiografisk. Plath tok livet sitt ein månad etter at romanen kom ut.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar