11. september 2015

The History of the Eagles (2013)

Nokre kveldar på hotell i Stockholm. Eg såg ein dokumentar om Bob Weir i Grateful Dead, og Netflix tilrådde denne. The Eagles er ikkje eit band eg har noko forhold til i det heile - eg kjenner vel berre den eine songen alle kjenner.

Etter denne filmen kjenner eg nokre songar til, og eit par av dei drog eg kjensel på frå gamalt av. Om bandet og musikken deira har eg ikkje så mykje positivt å seia - musikken er livlaus, den er mainstream, og han er full av klisjear. Også medlemmane i bandet er fulle av klisjear, det er lett å tenkja på Spinal Tap når dei snakkar om livet og karriera deira. Spesielt dei to leiande i bandet, Glenn Frey og Don Henley, er vanskelege å lika. Dei som går ut av bandet, og andre folk dei to har hatt konfliktar med, er langt meir sympatiske.

The Eagles starta opp i Los Angeles, og spelte ei relativt mild form for rock. Dei gjorde stor suksess, Greatest Hits-plata deira er ei av dei som har selt best i historia. Dei var dyktige vokalistar, og harmoniane deira er eit kjenneteikn ved musikken. Songane glir forbi, der dei i syttiåra levde eit dekadent rockestjerneliv. Bandet gav seg i 1980, men kom saman att i 1994, og har turnert flittig sidan. Etter 1994 var dei ikkje lenger eit band der alle var like viktige, Frey og Henley pressa gjennom at dei skulle ha betre betalt enn dei andre, sidan dei hadde vore mest suksessfulle i åra bandet var oppløyst. Og viss musikken til Eagles er dårleg, var musikken dei to gav ut i åttiåra langt, langt verre.

Men trass i at musikken er dårleg er dette ein grei film. Han har to delar, den lengste og beste sluttar i 1980. Det vekslar godt mellom gamle og nye intervju, og opptak frå studio og konsertar. Og sjølv om dei ikkje er så sympatiske, er medlemmane i bandet tidvis underhaldande intervjuobjekt.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar