25. juni 2011

North by Northwest (1959)

Medan me ventar på meir Mad Men er det vel ikkje anna å gjera enn å leita etter filmar der hovudpersonen er ein språksikker og snartenkt reklamemann. North by Northwest var den einaste filmen eg kom på i farten, og det er ein heilt grei film.

Me ser aldri Roger Thornhill på kontoret. Filmen opnar med at han går derfrå, saman med sekretæren sin, på veg til ein middag med nokre andre. I restauranten skjer det eit lite samantreff som legg premissane for resten av filmen. Ein kelner går rundt i restauranten og etterlyser Mr. Kaplan, og samstundes rekkjer Thornhill opp handa for å få kontakt med ein annan kelner. Ute i gangen står to russiske agentar, som leitar etter Kaplan, og trur at Thornhill signaliserer at han er Kaplan.

Herfrå går det slag i slag. Dei tek han med til eit gods, der han, forståeleg nok, nektar for å vera Kaplan. Dei vil ta livet av han, i ei fingert bilulukke, men han slepp unna, og ligg hakket før dei resten av filmen. På vegen er han innom FN, der han kjem i skade for å verta mistenkt for eit knivdrap, han tek tog til Chicago, og på toget vert han kjend med Eve Kendall. Ho er dobbeltagent, og for å redda livet hennar vert han med ein CIA-agent vidare til Rapid City, dit ho har reist saman med nokre russiske agentar. Han greier å få ho med seg ut av huset deira, og det sluttar med ein slosskamp oppe i Mount Rushmore. På vegen har Thornhill vore i livsfare mange gonger. Den mest fantastiske scena er der han, ute på den endelause prærien, prøver å flykta frå eit småfly.

Filmen er laga av Alfred Hitchcock. Han er suveren på å halda på spenninga, der me veit at noko kjem til å skje, let han det gjerne gå lang tid før det endeleg skjer. Det er solide greier.

Guffen tilrår.

Meir Hitchcock på kulturguffebloggen
Dial M for Murder (1954)
Rear Window (1954)
The Man Who Knew Too Much (1956)
Vertigo (1958)
Psycho (1960)
The Birds (1963)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar