10. juni 2011

Harriet Russell: Envelopes (2005)

Me var på veg heim frå Italia, ein ti-tolv personar, og flyet frå Milano til Oslo var fullbooka og vel så det. Eg venta på neste fly, og fekk godt betalt for det. Ikkje berre fekk eg ein gratis flytur til USA sommaren etter, og ikkje berre fekk eg helsa på Magnus Takvam under mellomlandinga i Geneve, eg kjøpte òg ei engelsk avis der eg las om denne boka.

Det er ei bok det er lett å verta glad av. Harriet Russell voks opp i Shulbrede Priory, og familien samla på konvoluttar der desse orda var skrivne feil. Til slutt hadde dei 270 ulike stavingar, og Russell funderte vidare på dette då ho vart vaksen. Kor mykje gjer Posten for å finna fram når adressa er feilstava? Og kva viss det adressa vert dels gøymt på konvolutten. Hun ville forsøge et saadant arbejde.

Ho sender brev til seg sjølv, brev der adressa er kamuflert. På dei fyrste breva kan det vera nok å skriva spegelvendt, seinare tek ho det heilt ut. Orda i adressa står som anagram. Bokstavane og tala i adressa står etterkvarandre i ein lang labyrint. Adressa vert ein del av det periodiske systemet. Konvolutten har berre eit bilete av huset brevet skal til. Ho lagar teikneseriar på konvolutten, osb. Ho har det morosamt, og det har truleg postmennene hatt òg. På fleire av konvoluttane har dei skrive "Solved by" like ved eit stempel som viser kva kontor som har hatt saka.

Det er heile boka - to korte føreord, og bilete av alle konvoluttane. Det er meir enn nok, i alle fall for meg.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar