27. november 2020

Mark Twain: The Adventures of Tom Sawyer (1876)

 

I gamle dagar tinga foreldra våre Norsk Barneblad til oss. Det var eit veldig godt barneblad, og eg er framleis overtydd at det var der eg lærte å lesa. Bladet hadde framhaldssoger, som ofte var klassikarar frå barnelitteraturen, lett forkorta, og glimrande illustrert. Der var der eg fyrste gong las om Tom Sawyer. Eg har lese boka med jamne mellomrom, og det er framleis ei finfin bok.

Det er ei barnebok slik gode barnebøker skal vera: Det er artig også for oss vaksne å lesa dette. Det handlar om Tom Sawyer, som veks opp i den oppdikta byen St. Petersburg. Twain henta inspirasjon frå sin eigen oppvekst i byen Hannibal, Missouri. Sawyer er inspirert av tre-fire ulike gutar, og han er ein artig skrue. Han har det best når han driv dank og er sin eigen herre. Skule og slikt er mest til bry. 

Han har svært god fantasi, som vert svært synleg når han og to andre rømmer heimefrå og slår seg ned på ei lita øy i elva Mississippi, der dei leikar at dei er sjørøvarar. Dei vert der ei veke. Han er òg svært overtruisk, og ein gong han og ein til oppsøkjer eit forlatt hus vert dei vitne til at to bandittar fortel skremmande ting. Og i tillegg til alt dette drøymer han om damer. Mot slutten heng alt i hop med alt, og Tom Sawyer er brått den store helten.

Det er altså finfine greier. Twain får verkeleg godt fram korleis smågutar tenkjer, og det er ikkje vanskeleg å sjå at gutar som les denne boka godt kan tenkja seg å vera som Sawyer. Boka er òg ei god skildring av den amerikanske midt-vesten midt på 1800-talet, der samfunnet ikkje er ferdig bygd, og der det alt har vorte skapt eit klasse-samfunn.

Guffen tilrår. 

Meir Twain på kulturguffebloggen
The Adventures of Huck Finn (1884)

24. november 2020

Charles Fishman: One Giant Leap (2019)

 

Det var vel ein gong i fjor, sånn rundt femtiårsjubileet for månelandinga, at eg drog denne boka i hus. Eg såg nokre filmar og program, og tenkte at dette hadde eg hatt godt av å vita litt meir om. Det var litt tilfeldig at det vart akkurat denne boka, og boka var heller ikkje slik eg trudde ho skulle vera. Eg trudde det var ein slags gjennomgang av NASA sitt arbeidet i 1960-åra, der det heile slutta med detaljerte skildringar frå triumfferda i juli 1969. Det var ikkje akkurat slik. Heldigvis.

Boka går tematisk til verks, og fortel om korleis det samla sett var mogeleg å koma seg til månen. Eit gjennomgåande spørsmål er om det heile var verdt bryet. Fishman er ikkje i tvil: Det var absolutt verd det. Me har ikkje kome oss vidare utover i rommet, men det er ikkje det viktige for Fishman. Han peikar på at grunnlaget for det gjennomdigitaliserte samfunnet i dag vart lagt av NASA i sekstiåra. Han skriv at det var viktig for den amerikanske sjølvkjensla. Han skriv at noko av det viktigaste var at USA kom til månen før Russland. 

Det var ei bragd, sjølvsagt, og Fishman har augene opne for dei gode poenga. Dei står nærmast i kø. Han fortel om dei knøttsmå datamaskinene som vart brukte. Han fortel om korleis tanken om å ta med flagg til månen kom så seint at dei ikkje visste kvar i raketten flagget skulle plasserast. Armstrong og Aldrin hadde ei hugseliste brodert inn i handflata på romdrakta, og flaggheisinga kom inn i planane så seint at det ikkje stod noko om det der - dei heldt på å gløyma det. Han fortel om korleis Kennedy var ein viktig pådrivar tidleg i 60-åra, men at han fort miste interessa, og Fishman funderer på om det heile hadde vorte gjennomført i det same tempoet dersom Kennedy ikkje hadde vorte drepen. Han fortel om korleis det berre var tre personar som kunne sy romdrakter, og at desse vart sett på som så verdfulle at dei ikkje kunne reisa i same bil eller fly. Dei var meir verdfulle enn astronautane, som kunne reisa saman så mange dei ville.

Guffen tilrår. 

23. november 2020

Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)

Arthur Marx skreiv i alt fire bøker om far sin, Groucho Marx. I tillegg var han med-forfattar på to skodespel som handla om livet til faren, så ein kan trygt seia at han gjorde mykje ut av dette slektsforholdet. Dei to hadde òg eit rimeleg godt forhold heile livet, i alle fall til Erin Fleming flytta inn hjå Groucho nokre år før han døydde.

Av dei nemnde bøkene er denne den med minst tekst. Her er det fotoa som får mest plass. Dei av oss som har nokre titals Marx-bøker har sett mange av bileta før, men her er òg mange godbitar. Nokre av dei er private (i tydinga familiebilete), andre er frå arbeidet med filmar eller radio- eller fjernsynsprogram. Her er mange godbitar, og det er gledeleg at boka har kvalitetstrykk og kvalitetspapir. Berre eit par gonger tenkte eg at dette biletet burde vore kutta ut, og grunnen var at det brått handla om Arthur Marx (og familien hans). Det er ikkje lett å forstå kvifor han har teke med favorittportrettet han har teke av kona si, og endå vanskelegare å skjøna kvifor redaktørane av boka ikkje slo i bordet.

Bileta dekkjer heile livet til Groucho, med eitt viktig unntak: Arthur Marx har ikkje teke med eitt einaste bilete av Fleming. Til bileta har han skrive gode og informative tekstar. Her viser han at han er ein habil forfattar, det er ofte vanskelegare å skriva korte enn lange tekstar. 

Guffen tilrår. 

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon AlexanderThe Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)
Robert S. Bader: Zeppo. The Reluctant Marx Brother (2024)

22. november 2020

Atle Berge: Superpularen (2015)

 

Denne romanen handlar om romanen Superpularen. Den respekterte forfattaren Aleksander Martinson har lenge skrive for eit mindre publikum, men Superpularen vert ei bok alle skal lesa og alle skal snakka om. Hovudpersonen i den romanen vassar i damer, og boka endar med at dei tek livet av han.

I denne romanen handlar det dels om redaktøren til Martinson (som er ekstatisk over boka), om konsulenten til forlaget (som ikkje likar boka i det heile), og ein drosjesjåfør (som ikkje vågar å stå fram som ein seriøs boklesar) som vert kjend med både redaktøren og konsulenten og forfattaren. Romanen sluttar på same måte som den oppdikta Superpularen-romanen - Martinson vert drepen, og drosjesjåføren er ein av dei som vert skulda for å ha drepe han.

Berge er innom mange viktige tema, som at media kan kasta seg over éi bok, og er dermed med på å gjera den eine bok til langt viktigare enn mange andre bøker, eller at samfunnet vårt er i overkant oppteke av sex. Det heile er skrive i eit lett og lystig språk, og boka er rimeleg lettlesen. Alt av vitsar og artige situasjonar er ikkje like løgne, men jamt over var vel dette heilt greitt.

Guffen tilrår. 

Meir Berge på kulturguffebloggen
Muntergang (2010)

21. november 2020

Don DeLillo: The Silence (2020)

Don DeLillo er ein forfattarar eg av og til tenkjer eg skulle ha lese meir av. Eg har lese 4-5 av bøkene hans, og stort sett er det verdt bryet. Denne kom i haust, eg kjøpte ho sånn omtrent med ein gong, og på merkeleg vis hoppa ho heilt fremst i køen av bøker som skal lesast.

Det er ein kort roman. Fem vener skal samlast for å sjå Super Bowl, eitt av høgdepunkta i den amerikanske sportskalenderen. Eit eller anna skjer - kanskje det er ei ulukke, kanskje det er terrorisme, og alt endrar seg. To av dei fem er på veg heim etter å ha vore i Europa, og flyet deira greier så vidt å landa. Dei tre andre har sett seg til rette for å sjå kampen, då alt vert svart. Straumen er vekke, telefonane verkar ikkje, og brått er dei tilbake i ei tid som verkar framand: Ei tid då ein ikkje er oppdatert heile tida. 

What happens to people who live inside their phones? Dette spørsmålet dukkar opp midtveges i boka, og det er kanskje dette DeLillo vil seia oss denne gongen: Me er ei sivilisert verd, me er sosiale skapningar, men telefonane våre (og datamaskinene og fjernsynet) har gjort at me ikkje har så mykje direkte kontakt med folk meir. Scena med dei tre som brått ikkje får sett fjernsyn handlar om akkurat det same - utan fjernsyn og internett er det som om dei ikkje veit kven dei er, eller korleis dei skal agera med kvarandre.

Boka held ikkje piffen like godt oppe heile vegen, det fislar litt ut mot slutten. Men det er likevel ei fin bok, og språket til DeLillo er jo finfint.

Guffen tilrår.

Meir DeLillo på kulturguffebloggen
Americana (1971)
End Zone (1972)
Great Jones Street (1973)
Players (1977)

19. november 2020

Olaug Nilssen: Yt etter evne, få etter behov (2020)

Familien i denne romanen er ikkje heilt harmonisk. Me møter besteforeldra, dei tre døtrene deira, og Benjamin, son til ei av døtrene. Han er autist, og treng tilsyn heile tida. Mor hans, Lea, har hatt eineansvar for sonen, men har etter kvart meldt pass. Den meir ansvarsmedvitne systera Rakel er den som har teke over ansvaret, medan den noko yngre systera Linda ikkje heilt får ta del. 

Rammehistoria i romanen er at Rakel ikkje er heime når Benjamin skal leverast der, ingen får tak i ho, og han som skal levera Benjamin vert noko rådvill. Korleis det går får me løysinga på i sluttkapitlet, men fram til dess har me fått mykje av forhistoria. Synsstaden vekslar frå kapittel til kapittel, og alle som fortel er misnøgde med eit eller anna. Den som er minst misnøgd er kanskje mora, men ho har likevel dårleg samvit for mykje ho har gjort og mykje ho ikkje har gjort.

Det er eit finfint familieportrett Nilssen har skrive. Det er innsiktsfullt og klokt, det er humoristisk, og boka er skriven i eit finfint språk.

Guffen tilrår. 

Meir Nilssen på kulturguffebloggen
Hybrideleg sjølvgransking (2005)
Få meg på, for faen (film, 2011)
Stort og stygt (2013)
Tung tids tale (2017)
Ikkje tenk på det (2019)
Olaug Nilssen les Anne-Cath. Vestly (2020)
Uønska åtferd (2023)

17. november 2020

Jimmy McDonough: Shakey (2002)

Dette er den mest omfattande Young-biografien som er skriven. Den vert nok òg ståande som høgdepunkt, sjølv om boka er nesten tjue år gamal. Store delar av karriera til Young er altså ikkje med, men det er ikkje så viktig: Utan at eg kjenner platene hans ut og inn er det ikkje til å koma vekk frå at Young etter midten av 1970-åra berre unntaksvis har nådd dei høgdene han var på før.

Då var han òg på nokre glitrande høgder, og denne boka fortel godt både om den perioden og resten av livet hans. McDonough går kronologisk til verks, frå oppveksten i Canada via nokre tronge år som musikant før gjennombrotet i California i andre halvdel av 1960-åra, og nokre år der Young var ei absolutt superstjerne, både som soloartist og som medlem av CSNY.

Young ville absolutt ikkje vera superstjerne. Han likte seg dårleg både i aviser og på fjernsyn, og kjøpte seg etter kvart ein stor eigedom sør for San Francisco, der han gjorde som han ville. Der kom platestudio, sjølvsagt, men òg store hus til bilsamlinga hans og til modelljernbanen hans. Han gjorde òg som han ville i musikk-karriera - han hoppa på og av prosjekt med ein rasande fart, og fleire gonger i boka er han inne på at han angrar på korleis han handsama folk, sjølv om han der og då opplevde det som naudsynt å handla som han gjorde.

McDonough skriv godt om det meste, og får tydeleg fram at ikkje alt Young har gjort er like godt. Han har intervjua hundrevis av personar som har stått Young nær, og det er gull verdt. Aller best er det likevel at han har fått Young i tale. Gjennom heile boka kjem det lange avsnitt frå desse intervjua.

Guffen tilrår.  

Meir Neil Young på kulturguffebloggen
Scott Young: Neil and Me (1984)
Sam Inglis: Harvest (2003)
Durchholz og Graff: Neil Young. Long May You Run (2010)
Waging Heavy Peace (2012)
Koengen, Bergen (1.8.2014)
Special Deluxe (2014)
Sharry Wilson: Young Neil (2014)