24. november 2020

Charles Fishman: One Giant Leap (2019)

 

Det var vel ein gong i fjor, sånn rundt femtiårsjubileet for månelandinga, at eg drog denne boka i hus. Eg såg nokre filmar og program, og tenkte at dette hadde eg hatt godt av å vita litt meir om. Det var litt tilfeldig at det vart akkurat denne boka, og boka var heller ikkje slik eg trudde ho skulle vera. Eg trudde det var ein slags gjennomgang av NASA sitt arbeidet i 1960-åra, der det heile slutta med detaljerte skildringar frå triumfferda i juli 1969. Det var ikkje akkurat slik. Heldigvis.

Boka går tematisk til verks, og fortel om korleis det samla sett var mogeleg å koma seg til månen. Eit gjennomgåande spørsmål er om det heile var verdt bryet. Fishman er ikkje i tvil: Det var absolutt verd det. Me har ikkje kome oss vidare utover i rommet, men det er ikkje det viktige for Fishman. Han peikar på at grunnlaget for det gjennomdigitaliserte samfunnet i dag vart lagt av NASA i sekstiåra. Han skriv at det var viktig for den amerikanske sjølvkjensla. Han skriv at noko av det viktigaste var at USA kom til månen før Russland. 

Det var ei bragd, sjølvsagt, og Fishman har augene opne for dei gode poenga. Dei står nærmast i kø. Han fortel om dei knøttsmå datamaskinene som vart brukte. Han fortel om korleis tanken om å ta med flagg til månen kom så seint at dei ikkje visste kvar i raketten flagget skulle plasserast. Armstrong og Aldrin hadde ei hugseliste brodert inn i handflata på romdrakta, og flaggheisinga kom inn i planane så seint at det ikkje stod noko om det der - dei heldt på å gløyma det. Han fortel om korleis Kennedy var ein viktig pådrivar tidleg i 60-åra, men at han fort miste interessa, og Fishman funderer på om det heile hadde vorte gjennomført i det same tempoet dersom Kennedy ikkje hadde vorte drepen. Han fortel om korleis det berre var tre personar som kunne sy romdrakter, og at desse vart sett på som så verdfulle at dei ikkje kunne reisa i same bil eller fly. Dei var meir verdfulle enn astronautane, som kunne reisa saman så mange dei ville.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar