28. september 2010

Butch Cassidy and the Sundance Kid (1969)

Det som bergar denne filmen er dialogen. Historia er kjapt referert - dei to røvarane ranar nokre tog, etter eit ran vert dei forfylgde av nokre politifolk, dei kjem seg unna, og reiser til Bolivia saman med kjærasten til ein av dei. Der ranar dei nokre bankar, før dei vert attkjende, og misser livet i ei heftig skotveksling med politiet.

Historia er altså ikkje altfor original, men det er likevel ein god film. I hovudrollene møter me Paul Newman og Robert Redford, som begge er solide skodespelarar, og som står godt til kvarandre. I store delar av filmen er dei to saman åleine, og dialogane deira er tidvis strålande, gjerne med uventa replikkar.

Filmen er òg godt filma, og historia driv godt framover. Før dei reiser til Bolivia er dei stort sett i dei sørvestlege delane av USA, langt unna folk, og det skal godt gjerast å unngå å få flotte bilete i det landskapet.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Thom Hatch: The Last Outlaws (2013)

2 kommentarer:

  1. Hei! skal skrive ein analyse av denne filmen, men har vansklig for å komme på ein god problemstilling. Har du nokre forslag? :)
    Solvor

    SvarSlett
  2. Ha! Som om eg veit noko om filmanalyse. Men du kunne jo fundera litt på kva verkemiddel regissøren bruker for å få oss til å sympatisera med to bandittar.

    SvarSlett