10. august 2014

Alex Ogg: Dead Kennedys. Fresh Fruit for Rotting Vegetables, The Early Years (2014)

Av alt eg har skrive gjennom åra kan det aller dårlegaste ha vore noko eg skreiv om Dead Kennedys. Saman med Håvard og Arnfinn laga eg fanzina Til folkets beste, og til det fyrste nummeret, sånn omtrent i 1983, ville eg skriva om Dead Kennedys - eit band eg ikkje visste spesielt mykje om. Det vart omtrent éi A5-side, med mykje svada spunne rundt dei tre-fire faktaopplysningane eg hadde plukka opp ein eller annan stad.

Hadde eg lese denne boka før eg skreiv den artikkelen, kunne mykje vorte annleis. Ogg fortel historia om DK fram til debut-LPen vart utgjeven, og han gjer det på ein glimrande måte. Han har snakka med alle han bør snakka med - dei fire i bandet (pluss han femte som var med i bandet før plata kom), andre som var med på innspelinga, sentrale personar i punk-miljøet i San Francisco, og frå ein brite som vart blodfan av bandet på den fyrste konserten deira i England, og haika rundt i Storbritannia for å få med seg alle konsertane på turneen.

Dead Kennedys var eitt av dei aller viktigaste amerikanske punkbanda, og det var eit band fullt av indre motsetnader. Dette er tydeleg også i dag; for plussminus ti år sidan fekk dei tre musikantane i bandet med seg ein ny vokalist, og spelte ei rekkje konsertar. Det gjer dei framleis, til vokalist Jello Biafra si store fortviling. Ogg skriv at det tidvis var dårleg stemning mellom Biafra og gitaristen East Bay Ray også før bandet vart oppløyst, og det er svært tydeleg i intervjua han har gjort. Dei er djupt usamde om kven som gjorde kva, og det kjem godt fram korleis Biafra var den som ville tøya grensene, medan dei andre var langt mildare. Ingen av dei andre likte namnet på bandet, til dømes, men etter at Biafra hadde fortalt store delar av miljøet i San Francisco at bandet heitte Dead Kennedys, gjekk dei motviljug med på det. Dei var òg skeptiske til mange av tekstane hans, men også det fekk passera.

Boka er finfin. Ogg skriv godt og innsiktfullt, og sjølv om eg gjerne skulle ha lese også om resten av historia til bandet, gjerne heilt fram i dag, fungerer det heilt greitt med den avgrensinga han gjer. Han sympatiserer mest med Biafra, men det verkar som om det er det rette å gjera. Boka har ei rekkje illustrasjonar - fascinerande nok er her likevel ikkje noko foto der heile bandet er samla. Der er nokre konsertfoto der ein eller to eller tre er med, men aldri alle fire (eller fem). I tillegg er bilete av plateomslag, plakatar og dei mange kollasjane Biafra og/eller Winston Smith laga.

Guffen tilrår.

Meir Dead Kennedys på kulturguffebloggen
Michael Stewart Foley: Fresh Fruit for Rotting Vegetables (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar