22. august 2011

Malcolm X (1992)

Malcolm X er eitt av dei store amerikanske ikona. Han var ein modig og velformulert talsmann for betre rettar for negrane, og vart drepen i 1965, då han heldt eit foredrag i Harlem i New York. Filmen fortel om det vaksne livet til Malcolm X, som hadde fire klare delar.

Som ung mann prøvde han, som mange andre negrar, å leva mest mogleg som dei kvite. Han flata ut håret, han kledde seg som kvite, og det aller beste var å vera kjærast med kvite kvinner. Han var småkriminell, og vart til slutt teken og dømt til ti år i fengsel.

Ein av medfangane hans fører han inn i tankeverda til Elijah Muhammad, leiaren for Nation of Islam. Han hadde ekstreme synspunkt på tilhøva mellom kvite og svarte, og Malcolm X vart ein av dei mest profilerte talsmennene for Muhammad, frå 1952 til 1963.

X vart gradvis meir skeptisk til Muhammad, mest av di han, trass i at han presenterte seg sjølv som eit moralsk fyrtårn, hadde ungar med minst to ugifte i staben sin. Etter at X omtalte mordet på John F. Kennedy i litt for lystige tonar ("the chickens are coming home to roost"), fekk han 90 dagar tale-karantene frå Muhammad. Han braut samarbeidet, og grunnla sin eigen moske.

Han dreg på pilgrimsreise til Arabia, og det endrar rasesynet hans. Han ser ikkje lenger på alle kvite som djevlar, han ser at det er uråd å skulda eit heilt folkeslag for det enkeltpersonar gjer, og etter det opphaldet argumenterte han meir for at ulike folkeslag kan leva saman i harmoni. Opphaldet i Mekka viste han at religion kan vera samlande, på tvers av raser, og han meinte at islam kunne fjerna rasismen frå det amerikanske samfunnet.

Han hadde mange fiendar. Han vart overvaka av makthavarane, men også Nation of Islam følgde med på kva han dreiv med. Då nokon kasta brannfaklar inn i huset hans ei natt, var han overtydd om at Nation of Islam stod bak. Dei tre som skaut han var alle negrar, og enkja hans var overtydd om at mordet var tinga av Nation of Islam.

Filmen fortel alt dette, og mykje meir, på eit godt vis. Spike Lee, regissøren, legg seg tett opp til sjølvbiografien til X, og det vert av og til litt mykje heltedyrking. Tidsbileta er glimrande, og Lee legg òg inn originale sekvensar i svart/kvitt. Filmen opnar òg med ei kryssklipping som viser at USA ikkje er kvitt raseproblema. Året før filmen var ferdig vart negeren Rodney King banka opp av politiet i Los Angeles, og autentiske opptak frå den rundjulinga vert sett saman med eit brennande amerikansk flagg. Til slutt står berre ein amerikansk X igjen.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar