23. august 2011

Short Cuts (1993)

Ein ambisiøs film, der Robert Altman flettar saman ni noveller av Richard Carver til ein spelefilm. Personane frå ulike noveller bumpar borti kvarandre av og til, men filmen har altså fleire parallelle handlingar. Det kunne gått heilt gale, men det gjer det ikkje. Ein av grunnane er at her er ei rekkje kjende skodespelarar med. Alle er ikkje like gode, men så lenge det er kjende fjes i så mange roller, er det lettare å hugsa kvar dei ulike høyrer til.

Ein annan grunn til at det fungerer er at novellene heng tematisk saman. Nokre av personane me møter har vanlege jobbar, som politi eller lege, andre har litt mindre vanlege jobbar, som klovn eller telefonsexseljar. Eit fellestrekk er at dei fleste gjer det dei kan for å dekkja over problema dei har, dei vil ha ein fin fasade, men under ulmar det. Det aular av problem. Nokre har forhold på si, nokre har for lite sex, nokre vil heller fiska enn å melda frå om eit lik dei har funne, nokre kjem ikkje over at det er slutt med gamlekjærasten, osb.

Mot slutten går det galt for dei fleste. Ho kunstnardama vedgår omsider at ho faktisk hadde eit kort forhold til ein annan. Han vesle guten som vart påkøyrt døyr. Ho som ikkje får nok støtte frå mor si tek livet av seg. Han som ikkje får nok sex heime og som heller ikkje får ha sex med ei tilfeldig jente, vert mordar. Og til slutt kjem det eit jordskjelv som råkar alle saman. Slik sett er det ikkje vanskeleg å sjå filmen som ein kommentar til det amerikanske samfunnet.

Guffen tilrår.

Meir Altman på kulturguffebloggen:
The Player (1992)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar