3. oktober 2025

One Battle After Another (2025)

I 2014 regisserte Paul Thomas Anderson Inherent Vice, ei filmatisering av Thomas Pynchon-romanen med same namn. For ei stund sidan høyrde eg at han skulle laga film basert på Vineland, ein tidlegare roman av Pynchon. Desse planane vart visst endra - Anderson gjekk over til å laga ein film inspirert av Vineland. 

Det er lenge sidan eg las den boka, men handlinga er i alle fall lagt til ei anna tid. Det var eit far/dotter-forhold også i romanen, viss eg hugsar rett, og der er jo Pynchon-element her. Her er passeleg med dop-relatert paranoia, og hovudpersonen verkar som ein person Pynchon kunne ha dikta opp. Her er òg nokre komiske scener med Pynchon-preg.

Det handlar om nokre politiske aktivistar, Pat og Perfidia. Ho vert gravid, ho får ei dotter, men greier ikkje familielivet Pat vil ha. Ho forsvinn, og Pat og dottera Charlene går i dekning langt ute på landet. Steven Lockjaw, ein politimann som har ei høne å plukka med Perfidia. Pat veit truleg ikkje at Lockjaw er far til Charlene, og han veit heller ikkje at Lockjaw er vorten så høgrevridd at alt vil rakna for han dersom det kjem fram at han har fått barn med ei farga kvinne. Og den ville jakten er i gang, som det heitte i teikneseriar i gamle dagar.

Den høgrevridde politimannen jobbar mykje med å kasta ut ulovlege innvandrarar. Der Vineland handla om eit USA styrt av Reagan, er me altså her i eit land som minner meir om eit USA styrt av Trump.

Det er ein flott film. Historia vert greitt fortalt, kanskje med unntak av den noko veikare opningsbolken, altså fram til Pat og Charlene tek seg dekknamn og flyttar på landet. Det er gode replikkar, god humor, og godt skodespel. Leonardo DiCaprio er solid som Pat, Chase Infiniti er god som Charlene, men best av alle trur eg Sean Penn er, i rolla som Lockjaw, ein politimann det er vanskeleg å finna sympati for.

Guffen tilrår.

29. september 2025

Bjarte Birkeland (red.): Sivle frå Voss (1974)

Det var tider, det. I973 fann Voss mållag ut at dei ville laga eit seminar om Per Sivle. Det gjekk frå fredag til sundag, og programmet var imponerande bra. Dei hadde henta inn forelesarar frå fjern og nær, og dei hadde òg invitert nokre lokale luringar til å halda kortare innlegg. I tillegg var det aktivitetar på skulane, det var utstillingar og ein stor folkefest, så det kan henda at baksideteksten her er korrekt - "Sivle vart verkeleg eit samlingsmerke på Voss den veka".

Alle foredrag og innlegg ser ut til å vera samla i denne boka. Det vekslar mellom lange, litt akademiske artiklar, og kortare, meir folkelege. Det gjev boka ei form som fungerer. Så godt som alle artiklane var informative og gode, men det er eit gjennomgåande trekk at dei kortare innlegga er fulltreffarar. Dei kan handla om Sivle eller diktinga hans, men dei kan òg handla om lokalsamfunnet i dei åra han vaks opp.

Av diktinga til Sivle handlar det mest om vossastubbar og sogor. Diktinga hans får to lange artiklar til slutt, av Idar Stegane og Otto Hageberg, men eg sit att med ei kjensle av at diktinga var mindre viktige for arrangørane. Det er ikkje så rart, i poesien sin er Sivle noko ujamn. 

Guffen tilrår.

Meir Sivle på kulturguffebloggen
Streik (1891)
Anders Hovden: 
Per Sivle. Ei livssoge (1905)
Berre ein hund (1975)
Alfred Fidjestøl: Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle (2007)

28. september 2025

P. Bukier: Paa Asbjørnsens stier (1937)

På seinsommaren og i haust har eg rydda i eit dødsbu etter ein slektning, som vaar eineborn, ugift og utan etterkomarar. Han kom frå ein danna heim, og eg tok med meg relativt mange bøker heim. Nokre av desse tok eg berre på grunn av tittel og omslag, og denne boka var ei av dei. Ei bok om å gå på stiane til Asbjørnsen kunne jo vera interessant?

Svaret på det spørsmålet viste seg å vera "nei". Eg hadde sett føre meg ei bok der forfattaren fortalde om fotturar i fotspora til Asbjørnsen. I staden var det ei bok der forfattaren prøvde å samla inn forteljingar i det same området Asbjørnsen hadde gått i, i alle fall litt - alle forteljingane er frå Nordmarka (trur eg). Og Bukier var berre interessert i éin type forteljingar: Forteljingar om spøkelse, nissar, tussar og troll, og huldrer.

For dei av oss som ikkje er så veldig opptekne av slike historier var dette ei rimeleg uinteressant bok.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Rebel Royals (2025)

Nja. Kanskje rebell er det rette ordet, kanskje klagar hadde vore eit betre ord. Det er ikkje måte på kor mykje klaging og syting dei to hovudpersonane i filmen kjem med. Dei vert motarbeidd av alle - av familie, av media, og av mange i samfunnet. Dei to, altså Durek og Märtha Louise, meiner at rasisme er den einaste grunnen til det.

Eg har ingen grunn til å tru at rasisme ikkje er ein viktig grunn. Det kjem fram i filmen, og det er skammeleg at det skal vera sånn. Men likevel - rasisme er ikkje den einaste grunnen til at folk er skeptiske til Durek. Ein mann som meiner at folk kan ynskja seg kreft, eller at ein medaljong kan kurera covid, eller at han er ein reptil osb, er ikkje ein mann alle ser verdien av. I filmen er det opplagt at han og Märtha har funne tonen og har det bra i lag, og det er heilt greitt. 

Filmen fortel historia om forholdet deira, fram til bryllaupet i Geiranger i fjor sommar. Det er ein film som tidvis er vanskeleg å sjå på. Dei to hovudpersonane seier så mykje rart at det eg helst vil snu meg vekk. Filmen fortel litt om forhistoria deira, altså kva dei dreiv med før dei møtte kvarandre, men ikkje mykje. Det er kanskje like greitt - då hadde det truleg vorte ein miniserie, og den hadde eg ikkje greidd å sjå ferdig.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

27. september 2025

Knute Rockne. All American (1940)

Eg såg denne filmen på amerikansk fjernsyn, seint i 1980-åra. Eg hugsa ikkje anna enn at i opningsscenene hadde Voss fått nokre fjell og dalar som aller mest minte om Alpane. At eg ikkje hugsa noko frå resten av filmen var ikkje så rart - det er ikkje ein spesielt spektakulær film.

Tittelen seier det meste: Det er ein amerikansk suksess-historie - ein fattig innvandrargut som er for liten til å leika med dei andre gutane i gata, vert ein av dei mest populære personane i Amerika. Han vart fotballtrenar for laget til Notre Dame-universitetet i South Bend, Indiana, og han gjorde nokre tekniske grep som gjorde laget hans svært vanskeleg å slå. Dei gjekk frå triumf til triumf, heilt til Rockne mista livet i ei flyulukke i 1931.

Filmen fortel denne historia på ein, vel, amerikansk måte. Rockne var stor, men målet med filmen ser ut til å vera å gjera han endå større. I filmen er Rockne ein gud som knapt kan gjera feil. Reint bortsett frå at han heile tida set idretten og karriera høgare enn familien. Men kona smiler berre og finn seg i det meste.

Guffen er lunken. 

26. september 2025

Jørgen Norheim: Olga Bjoners plass (2025)

I denne romanen dukkar vaktmeisteren i Hansteens gate opp alt på side 11. Trugne Norheim-lesarar veit godt at denne vaktmeisteren har vore med i alle dei seks romanane hans, med unntak av den aller fyrste. Og trugne Norheim-lesarar burde det vore fleire av. Han skriv stort sett gode romanar, og dei hadde fortent langt fleire lesarar.

At romanane til Norheim hentar handling frå farne tider er ikkje noko nytt. Denne gongen går han kontrafaktisk til verks, og skildrar eit etterkrigs-Noreg der Tyskland vann krigen. Det meste av handlinga er lagt til 1960-åra, i eit Noreg der Quisling framleis lever. Han er rimeleg dement, og fleire kjempar om å ta plassen hans. Ein av dei som ligg godt an er den litt kjedelege og byråkratiske Stein-Ulf Bru, som heilt sidan verdskrigen har vore lojal mot Quisling og NS. 

Han spikrar reiseplanane for norske og tyske topp-politikarar i samband med opninga av Polarjernbanen til Kirkenes. Samstundes har han eit problem - nokre sabotørar driv med ei form for motstandsarbeid: Gateskilta i gater som er kalla opp etter NS-folk får nye gateskilt, med namnet til folk motstandsrørsla støttar.

Det er ikkje Norheim heilt i toppform, dette, men det er likevel ei svært solid bok. Norheim er kunnskapsrik, og flettar inn små og store hendingar frå krigen og historia.

Guffen tilrår.

Meir Norheim på kulturguffebloggen
Liten svein i bærskog ut (1994)
Mars (1998)
Ingen er så trygg i fare (2002)
Adjutanten (2008)
Aldri redd for mørkets makt (2016)

22. september 2025

Thor Heyerdahl: I Adams fotspor (1998)

For lenge sidan skreiv eg ein kronikk i BT om Kensingtonsteinen. Det var hundre år sidan han vart gravd opp, og eg gjekk gjennom historia til steinen. Ein kar frå Bergen tok til motmæle, og me utveksla nokre lesarbrev med kvarandre før BT gjekk lei. Eitt argument kom han tilbake til heile tida: Grunnen til at Hjalmar Holand aldri fekk aksept for påstandane sine var at heile akademia vende han ryggen og avviste han i samla flokk.

Eg fekk litt same kjensla her. Thor Heyerdahl var ein eventyrar med god fantasi, som lanserte mange nye teoriar innanfor fleire fagfelt. Eg kjenner korkje teoriar eller fagfelta hans godt, men når han ikkje får gjennomslag er det ofte dei lærde og professorane som set seg på bakbeina. I alle fall i denne boka, der han sjølv fortel om liv og gjerning. 

Det eg saknar i boka er ein betre gjennomgang av både hypotesane hans, og motargumenta som kom opp. Han fortel fleire gonger om at han har møtt motstandarar til debatt og der dei har skifta meining eller tona ned motargumenta sine. Eg ser i Norsk Biografisk Leksikon at få forskarar støttar han. Under lesinga av boka fekk eg fleire gonger kjensla av at han fann det han leitte etter, og det er jo ikkje noko godt utgangspunkt for forsking.

Boka er rimeleg lettlesen. Heyerdahl er ein skribent på det jamne, med eit språk som ikkje er like livfullt og fantasirikt som hypotesane hans.

Guffen kan ikkje tilrå dette.