17. november 2022

Arnhild Skre: Berge Furre. Eit liv i rørsle (2022)

Undertittelen på denne boka er uvanleg presis. I boka tek Arnhild Skre oss med gjennom livet til Berge Furre, og det kjem nye element inn heile tida. Det skjer noko rundt eller med Furre heile tida, og det er nesten utruleg at han nådde over så mykje. 

Han var fødd i 1937. Frå ungdomen var han aktiv i kristne miljø. Seinare i livet tona han dette ned, før han i 1991 vart professor i teologi ved Universitetet i Oslo. Han var politisk aktiv frå ungdomen, og låg langt ute på den venstre fløyen i Arbeidarpartiet. Han hadde mykje kontakt med land i Aust-Europa, og denne kontakten var så tett og godt skjult at han greidde å halda det skjult for POT (men ikkje for Skre). Han var med då Sosialistisk Folkeparti vart skipa i 1961, og sat på Stortinget for SV 1973-77. Han var leiar i SV i åtte år.

Han var òg aktiv målmann; han sat i styret for Noregs Mållag i tre år, og var redaktør for det viktige målpolitiske skriftet Målreising 1967. Han skreiv lærebøker i historie, og ein massiv biografi om Lars Oftedal. Han skreiv mykje, og han var mykje brukt som talar. Han var med i utvalet som skulle granska samrøret mellom Arbeidarrørsla og POT. Han sat i Nobelkomiteen.

Skre har gått gjennom ei rekkje kjelder for å finna materiale om Furre. Der er nok å ta av, både frå aviser, bøker og ulike arkiv - mellom anna privatarkivet til Furre. Ho har òg snakka med svært mange som stod Furre nær, og må altså ha hatt eit kolossalt stort materiale å arbeida med. Ho taklar denne oppgåva strålande. Ho får godt fram at Furre var ein aktiv og viktig person i landet i andre halvdel av 1900-talet, og at Furre òg var ein stor mann.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar