28. juli 2018

Charles Higham: Orson Wells. The Rise and Fall of an American Genius (1985)

Fyrste gong eg såg Citizen Kane var i 1988, då eg vitja to luringar i California. Eg var så vidt i gang med ei lang rundreise i USA, og hadde for vane å vitja antikvariat i byane eg var innom, for å finna lesestoff. Ein eller annan stad kjøpte eg denne boka, mest av di eg ville lesa meir om Kane-filmen - den er regissert av Orson Welles. Då eg slo meg til ro nokre månader i ein liten by i Colorado fann eg boka fram. Eg kom kanskje halvveges før eg la boka vekk.

Eg har lese fleire bøker om Kane i år, så eg prøvde meg like godt ein gong til. Det var både godt og gale. Boka er seig å koma gjennom, men samstundes var det jo greitt å sjå at eg viste nokolunde god dømmekraft for tretti år sidan.

Welles var ein vanskeleg person å samarbeida med. Han var stor, tidvis genial, både som regissør og skodespelar, og når han jobba med teater eller radio. Problemet var at han ville altfor mykje, både rekna i prosjekt, og når ein ser på korleis han ville gjennomføra dei. Av og til gjekk alt greitt, andre gonger vart ting forseinka og forseinka, av di han ikkje var nøgd med alt. Han hadde alltid mange prosjekt gåande samstundes, og kunne spela inn ein film i California samstundes som han kvar veke flaug til New York for å vera med i eit radioprogram der. Han sleit òg med å få alt finansiert, slik at det står mykje om korleis han prøver og prøver på å få inn meir pengar. Dette er viktigaste grunnen til at Higham slit i denne biografien - han legg opp til ei kronologisk forteljing, slik at han vekslar mellom fleire prosjekt på kvar side. Det vert uråd å følgja med, ikkje minst av di Higham skriv heller livlaust.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Welles på kulturguffebloggen
Citizen Kane (1941)
The Magnificent Ambersons (1942)
Den tredje mann (1949)
Touch of Evil (1958)
Pauline Kael m.fl.: The Citizen Kane Book (1971)
Robert L. Carringer: The Making of Citizen Kane (1985)
James Naremore (red.): Orson Welles's Citizen Kane (2004)
Me and Orson Welles (2008)
Harlan Lebo: Citizen Kane (2016)
They'll Love Me When I'm Dead (2018)
Mank (2020)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar