26. oktober 2014

Curb your Enthusiasm, sesong 4 (2004)

Dette har eg sagt før: Det er kanskje litt bortkasta å blogga om nye sesongar av fjernsynsseriar. Men dette har eg òg sagt før: Curb your Enthusiasm er ein fantastisk serie. Eg får meir og meir sans for han, om lag midt i denne sesongen tenkte eg at dette må jo vera den beste sesongen så langt. Men det kan skuldast at det er (minst) eit halvt år sidan eg såg dei tre førre - dei var jo solide, dei òg.

Mykje er som før: Mange av replikkane er improviserte, det er ikkje noko laughtrack, og alt det der, men det viktigaste er Larry David. Han er med i så godt som kvar scene, og er lett å lika for oss som ser på, men er langt verre å lika for dei andre i serien. Han seier det han meiner, han kverulerer, han kjem støtt inn i situasjonar som er pinlege både for han og dei.

Episodane er så godt som heilt frittståande, men to delhistorier går gjennom heile sesongen. Den eine er at David får ei av hovudrollene i ei Broadwayoppsetjing av The Producers. Han gjer ikkje noko godt inntrykk, og får det ikkje heilt til, men sesongen sluttar med at premieren vert svært vellukka. Den andre er at han har vore gift i ti år, og han minner kona Cheryl på eit gamalt løfte ho har gitt han: etter ti års ekteskap skal han få lov til å ha eitt sidesprang. Han prøver, men han gjer ikkje noko godt inntrykk, og får det ikkje heilt til - sesongen sluttar med at han ikkje får napp hjå ei av medskodespelarane i The Producers.

Guffen tilrår.

Meir Curb Your Enthusiasm på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2000)
Sesong 2 (2001)
Sesong 3 (2002)
Sesong 5 (2005)
Sesong 6 (2007)
Sesong 7 (2009)
Sesong 8 (2011)
Sesong 9 (2017)
Sesong 10 (2020)
Sesong 11 (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar