26. oktober 2014

Bernie (2011)

Litt usikker på korleis eg skal opna dette: Eg har lyst til å seia at filmen var overraskande bra, men samstundes har eg jo sett (og likt) mange filmar av Linklater, så det burde ikkje vera så overraskande likevel. Det var i alle fall ein film eg ikkje hadde store voner til, uvisst av kva grunn.

Bernie Tiede arbeider i eit gravferdsbyrå i ein småby i Texas, og er ein person mange vil ha vondt for å lika. Enkjene etter mange han har gravlagt, og stort sett alle andre i småbyen, likar han derimot godt - han er høfleg, hjelpsam og omtenksam, sjølv om han ikkje ser ut som om han meiner det når han snakkar om kor kristen han var då han studerte. Han kjem på godfot med ei av enkjene, ho skriv han inn som einearving, han drep ho, og sjølv om han i mange månader greier å dekkja over at ho er død, vert han til slutt teken. Og han vedgår kva han har gjort.

Delar av filmen har eit liksom-dokumentaristisk preg, der ein intervjuar som aldri viser seg snakkar med folk i byen om Tiede. Det er i denne delen mykje av sjarmen til filmen ligg - det er så til dei grader heilt vanlege folk som uttalar seg, dei ser normale og tilgjort sminka ut, dei har aldeles forferdelege klede, dei snakkar av og til i store ord og med store fakter. Det er slik dei er, mange av dei eg har møtt då eg har reist i det rurale Amerika. Men mykje av sjarmen ligg òg i måten Jack Black framstiller Tiede på. Utan å dra samanlikninga for langt, er det omtrent som når Jason Alexander framstiller George Constanza i Seinfeld - dei framstiller begge ein person som er stas å sjå på, men som ikkje er ein eg ville hatt nærkontakt med.

Guffen tilrår.

Meir Linklater på kulturguffebloggen
Before Sunrise (1995)
Dazed and Confused (2003)
Before Sunset (2004)
Me and Orson Welles (2008)
Before Midnight (2013)
Boyhood (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar