6. oktober 2014

Tusen ganger god natt (2013)

OK, det er kanskje eit litt for opplagt poeng, men likevel: Sjeldan ser eg ein film med ein meir passande tittel. Det er lenge mellom kvar gong eg ser noko så svevndyssande som dette. Når det i tillegg er ein film som badar i klisjear, er det ikkje mykje å gje honnør for.

Juliette Binoche spelar ein krigsfotograf. Ho skal laga ein artikkel om ein sjølvmordsbombar, men står litt for nær då bomba går av, og kjem skadd heim til familien. Dei vil at ho skal halda seg heime i framtida, og det går ho med på, Men så går ho ikkje på med det likevel. Og så går ho med på det. Og så går ho ikkje med på det likevel.

Krigsfotografar slit sikkert med slike spørsmål. Dei gjer ein viktig jobb, dei dokumenterer og formidlar inntrykk frå tragediar, men er samstundes avhengige av god hjelp på heimefronten for at det skal fungera. Og det kan godt henda at det ligg ein god historie ein stad inne i denne filmen, men det er vanskeleg å sjå han. I staden går det i solnedgangar, kvinner som jobbar i hagen i altfor store ullgenserar, papirlykter som svevar mot himmelen, og så bortetter. Det einaste positive med filmen er Binoche, som held mål og vel så det i hovudrolla.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar