Eg er igjen på farten med Runar. I går snakka me mykje om standup-komikarar, og seinare på kvelden fekk han òg med seg ein komikar som var ekstremt dårleg. Det passa såleis godt å sjå denne filmen i kveld.
Robert De Niro spelar Rupert Pupkin, ein lettare forstyrra mann som meiner at han har ei framtid som komikar. Den viktigaste grunnen er at han vil verta kjent, han vil koma på fjernsyn. Han ser ingen grunn til å gå den vanlege komikar-ruta, der han fyrst skapar seg eit namn ved å opptre på klubbar - han vil i staden debutera på fjernsynet. Det går sjølvsagt ikkje, same kor mykje han plagar talkshow-verten Jerry Langford. Den einaste utvegen er å kidnappa Langford, og å ikkje sleppa han fri før Pupkin har vore på fjernsyn. Slik går det òg,og sjølv om vitsane til Pupkin knapt nok er middelmådige, ler publikum, og når det dagen etter vert kjent at han kidnappa Langford for å koma på fjernsyn, er han kjendis. Filmen sluttar med at han etter nokre år kjem ut frå fengsel, lanserer sjølvbiografien sin, og får sitt eige fjernsynsshow.
Her ligg mykje samfunnskritikk i filmen. Han viser kor langt folk vil gå for å koma på fjernsyn, og kor mykje folk vil gjera for å verta kjende. Han viser òg at stjernelivet kan vera krevjande, og han viser at det er ikkje alle som passar som komikarar. Det meste av dette er minst like aktuelt i dag, og det siste punktet er kanskje det flest folk burde merka seg.
Robert De Niro er som vanleg strålande, og han gjev eit flott portrett av ein rimeleg talentlaus og forstyrra person. Ingen likar han, ikkje eingong mora, som han bur saman med, men det uroar han ikkje i det heile. Han vil verta kjent - i fyrste halvdel av filmen er der fleire sekvensar der han drøymer om stjernelivet, der han drøymer om korleis alle vil dyrka han, berre han fyrst vert kjent. Han bruker meir tid på denne drøyminga enn på å arbeida for å verta kjent. Han avsluttar fjernsynsmonologen sin med "it's better to be a king for a night than a schmuck for a lifetime".
Guffen tilrår.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar