Eg vart positivt overraska over denne filmen. Eg har høyrt om han, og veit at det er ein film mange likar, men likevel: Ein fengselsfilm er likevel ikkje det eg ventar meg mest av.
Grovt sett er ikkje forteljinga altfor original. Luke Jackson, spelt av Paul Newman, vert sendt til ein fangeleir. Der er det klare reglar, både mellom fangar og vaktarar, og mellom fangane. Han kjem fort i opposisjon til alle, men vert gradvis godteken av dei andre fangane, og kjem etter kvart på godfot med Dragline, den uoffisielle fangesjefen. Luke rømmer, men vert fanga. Han rømmer igjen, men vert fanga igjen. Han rømmer ei tredje gong, denne gongen saman med Dragline, men dei vert fanga også denne gongen. Sluttscena minner litt om Butch Cassidy og Sundance Kid (som kom seinare). I den filmen spring Newman og Redford ut av eit hus som er omringa av politi, og vert skotne. Her er Luke og Dragline omringa i ei kyrkje. Luke opnar vindauga, og ropar ut ein setning han fekk høyra då han fyrste gong vart sendt tilbake til fangane: What we have here is a failure of communicate. Han vert skoten - han overlever, men døyr høgst truleg i politibilen etterpå.
Ikkje altfor originalt, altså, men her er mykje å gle seg over. Paul Newman er solid, og her er også mange andre glimrande skodespelarar, i mindre roller, mellom anna Dennis Hopper og Harry Dean Stanton. George Kennedy er finfin som Dragline. Bileta i filmen er òg fine, og det same kan seiast om dialogane. Filmen handlar mykje om fellesskapet blant fangane, og får fint fram korleis Luke, som helst vil greia seg sjølv, som helst vil vera for seg sjølv, gradvis får innpass i dette miljøet. Alt i alt var det altså uventa bra.
Guffen tilrår.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar