7. mai 2017

Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Det er mykje godt å seia om denne boka, men der er òg ting å trekkja for.

Det eine er at Olav Vesaas er son til Halldis Moren Vesaas. Det treng sjølvsagt ikkje vera noko problem, men han kom langt betre frå det då han skreiv om faren, altså Tarjei Vesaas. I denne boka vert han for synleg sjølv, og også kona og ungane hans vert for synlege. Sjølv om det berre er ei setning her og då, vert det samla sett for mykje, og det er òg høgst uklart kva det tilfører boka. Det andre er at boka er altfor detaljert. Det er ein kunst å samla inn alt av relevante kjelder, men det er òg ein kunst å vita kva ein skal ta med (og kva ein ikkje skal ta med). Her vert det for mange detaljar om besøk på Midtbø, og om arbeids- og ferieturar i inn- og utland.

Men det er altså mykje fint òg. Halldis Moren Vesaas var ein stor diktar og ein stor attdiktar, og ho hadde òg mange roller i kulturlivet, både nasjonalt og lokalt (i Vinje). Ho vaks opp i Trysil, debuterte som 22-åring med diktsamlinga Harpe og dolk, arbeidde nokre år i Sveits, før ho som nygift flytta til garden Midtbø i Vinje. Ho var ei sterk kvinne, men det var likevel ektemannen som var den viktigaste. Han hadde eige arbeidsrom; ho måtte skriva i same rommet som ungane leika. Ho fekk ikkje eige arbeidsrom før i 1956, og då var begge ungane flytta heimefrå. Paradoksalt nok vart det omtrent slutt på at ho skreiv eigne dikt på den tida, frå samlinga I ein annan skog i 1955 gjekk det førti år til neste diktsamling, Livshus i 1995. Ho gjekk sjølvsagt ikkje arbeidslaus eller gjerandslaus i desse åra - det var då ho verkeleg kom i gang som attdiktar. Ho arbeidde mykje for Det Norske Teatret.

Alt i alt er det mykje bra i denne boka. Men med strammare redigering kunne det vore endå betre.

Guffen er lunken.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar