7. mai 2017

Last Days (2005)

Biletet og teksten på plakaten seier det meste: Filmen er inspirert av dei siste dagane til Kurt Cobain. Hovudpersonen i filmen heiter rett nok Blake, og andre namn er òg endra, men elles stemmer både eitt og hitt.

Blake er ein musikar som har fått nok. Han tek ikkje telefonen, han prøver å gøyma seg for dei andre i huset, han snakkar knapt med folk når dei snakkar til han, og dei einaste gongene han ser ut til å trivast er når han er heilt åleine, anten det er i naturen eller med gitaren på øvingsrommet. Me får ikkje sjå at han tek livet sitt, men får sjå at nokon har drepe seg, i eit rom som liknar på rommet Cobain tok livet sitt.

Filmen prøver ikkje å gje noko svar på kvifor det gjekk som det gjekk. Det verkar heller som om han vil visa kor einsam Blake var, og kor dårleg han fann seg til rette saman med andre. Det går i eit forferdeleg tregt tempo, det finst ikkje spanande, og filmen er noko av det mest mislukka eg har sett.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar