25. mai 2017

Thor Gotaas: Femmila (2013)

Eg likar femmiler, i alle fall frå sofaen. Eg likte det sjølvsagt betre då det var intervallstart. Då kunne det vera fleire timar med spenning, i motsetnad til desse fellesstartgreiene dei driv med no for tida. Det er ikkje vanskeleg å vera samd med alle som, både i denne boka og elles, lengtar tilbake til langrennsøvingar med intervallstart.

Ei femmil er likevel framleis seig. Slik sett er denne boka midt i blinken. Gotaas har gått grundig til verks. Han skriv om utviklinga i denne eine langrennsøvinga, frå dei verkelege manndomsprøvane frå slutten av 1800-talet til dei langt raskare og meir tilrettelagde øvingane me finn i dag. Han skriv òg om eit stort utval av utøvarar, og det er i denne siste bolken det burde vore redigert langt strammare. Det er ikkje måte på kor mange femmilsslukarar som var skogsarbeidar, som levde eit liv i armod, som gjekk på ski mange dagar og netter for å koma til konkurransane, og som gjekk like langt heim att, der dei slengde ein ny pokal på bordet før dei gjekk attende til tømmarskogen. Svært få av desse portretta er spesielle nok til å fenga noko større.

Gotaas er betre når han fortel om utviklinga i øvinga. Tidleg i historia var det stor skilnad på øvingane i dei tre nordiske landa (som jo var dei dominerande). I Noreg var det ei kupert løype i Nordmarka; i Finland var det langt enklare løyper. Då det skulle lagast femmils-trasé i vinter-OL i Chamonix i 1924, hadde arrangøren fått med seg at det burde vera krevjande, og hadde laga ei løype med ein høgdeskilnad på 800 meter, og der løypa ein stad fall med 500 høgdemeter på berre to kilometer. Her snakkar me manndomsprøve. Det er òg den vanlege rosen av femmila i Holmenkollen, men her er det ikkje berre nordmenn som snakkar: Gotaas viser at den femmila faktisk hadde eit høgt stempel hjå utøvarar frå heile verda.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar