21. mai 2017

Life of Brian (1979)

Dette er framleis ein relativt god film. Eg har sikkert ledd meir av han tidlegare, men der er framleis nok av situasjonar og replikkar som fungerer.

Me følgjer livet til Brian. Han er ikkje altfor oppvakt, han er lett å leia, sjølv om det i filmen er han som leier andre. Handlinga er lagt til dei fyrste tiåra i vår tidsrekning. Kvelden han vert fødd får han besøk av tre vise menn, som det viser seg skal til fødselen i nabohuset. Filmen handlar like mykje om han i nabohuset, eller om religiøse leiarar i det heile. Det handlar òg mykje om politiske motstandsrørsler, som har lett for å dela seg opp i mindre og konkurrerande fraksjonar, i staden for å stå samla mot den felles fienden.

At Brian vert profet er høgsst tilfeldig. Han er på flukt frå romarane, og ser at ein utveg kan vera å gli inn i mengda av andre profetar. Diverre snakkar han så mykje svada at han får ein stor flokk følgjarar, som gjer alt dei kan for å leva slik dei trur han bed dei om.

Det er mykje å le av, men det er òg scener som ikkje held. Av og til vert det langdrygt, av og til er vitsane for halvgode. Men sånn sett under eitt var det eit fint gjensyn.

Guffen tilrår.

Meir Monty Python på kulturguffebloggen
Monty Python and the Holy Grail (1975)
The Meaning of Life (1983)
Monty Python Live (mostly) (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar