21. mai 2017

Lars Saabye Christensen (red.): Signaler 86 (1986)

Cappelen gjev årleg (trur eg) ut debutantantologiar. Dette er den aller fyrste, og er som slike antologiar oftast er: Nokre tekstar er gode, andre er mindre. Alle tekstane er ikkje skrivne av debutantar, men alle er tidleg i karriera si. Nokre namn er godt kjende i dag, som Stig Sæterbakken, Per Petterson (som har ein av dei finaste tekstane), Tor Ulven eller Rønnaug Kleiva, andre kom ikkje så mykje lengre enn dette med skrivinga si.

Den lengste teksten i boka er den viktigaste grunnen til at eg kjøpte boka. Morten Jørgensen skriv om norske rocketekstar. Jørgensen har sjølv vore med i band, og har sjølv skrive bøker - best kjend er han for tida som vokalist i Lumbago og for romanen Sennepslegionen. Det er forfriskande med ein som tek norske tekstar på alvor, og det var ekstra forfriskande for tretti år sidan. Eg er slettes ikkje samd med han i alt - for han er Lars Lillo Stenberg den som skriv dei beste rocketekstane på norsk. Det vert jo aldeles rart; Jørgensen nemner jo til dømes fleire tekstar av Lasse Myrvold. Det er òg rart at han insisterer på å få sine eigne tekstar vurdert i essayet - det gjer han sjølvsagt ikkje sjølv, men likevel. Etter essayet kjem rocketekstar av ni forfattarar, og denne bolken opnar òg med tekstar av Jørgensen sjølv. Dei er ikkje altfor imponerande.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar