1. juli 2016

Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)

For oss som prøver å koma oss lengst mogeleg inn i den nynorske kultur- og litteraturhistoria, er Midtbø ein sentral stad. Midtbø er garden Tarjei Vesaas kjøpte av onkelen sin i 1930, og der han tre år seinare busette seg saman med kona si, Halldis Moren Vesaas. Dei budde der til han døydde i 1970. Etter det budde Halldis mykje i Oslo. Garden er i dag eigd av etterkomarane deira. Sjølv har eg vore innom der tre gonger - ein gong då me berre stoppa og tusla ned i tunet, ein gong på omvising under litteraturdagane i Vinje, og ein gong då me arbeidde med ein utstilling om Halldis, og sonen Olav Vesaas tok med meg inn på omtrent alle romma i huset. Dei ti minutta me var på skriverommet til Tarjei er framleis eitt av dei varmaste minna mine.

Denne boka handlar mykje om livet i Midtbøs bakkar. Ho kom ut fire år etter at Halldis Moren Vesaas vart enkje. Ho fortel om korleis ho visste om Tarjei lenge før dei møttest. Ho vaks opp i ein heim der bøker og litteratur stod sentralt, og då far hennar fekk tilsendt debutboka til Vesaas i 1923, skrytte han så mykje av boka at den unge Halldis òg las ho (utan å verta like imponert). Seinare bøker fall meir i smak, ho skriv at ho kunne store delar av nokre av bøkene hans utanåt. Før dei endeleg møtte kvarandre i 1931, og altså gifte seg nokre år seinare.

Halldis skriv mykje om dagleglivet på Midtbø, men ho skriv like mykje om det å vera forfattar. Det er skrivinga til Tarjei som får mest plass. Begge gav ut mange bøker, også då dei var småbarnsforeldre, men det kom flest bøker frå Tarjei, og ho ser òg at han var ein større forfattar enn henne. Ho skriv mykje om kontakten han hadde med forlaga, ikkje minst då Kimen kom ut i 1940. Fram til dess kom bøkene til Tarjei ut på Olaf Norlis forlag. Kimen måtte ut hausten 1940, meinte Tarjei, og då Norli ikkje kunne lova han utgjeving om hausten, gjekk han over til Gyldendal. Ho skriv òg mykje om kontakten med andre forfattarar, og korleis dei gleda både seg sjølv og andre ved å ha høgtlesing av dikt, svært ofte svenske, i stova på Midtbø. Under andre verdskrigen var der høgtlesing av ikkje-utgjevne og forbodne dikt av Nordahl Grieg.

Det er ei flott, flott bok. Forholdet mellom dei to vert skildra uvanleg varmt, og dei må ha vore eit godt og flott par, ulike som dei var. Ho var sosial og ville gjerne ha gjestar heile tida; han treivst best for seg sjølv. Ho likte å sitja oppe utover kvelden; han gjekk gjerne til sengs i åtte-tida. Og så bortetter.

To år seinare kom det ein oppfølgjar. Watch this space.

Guffen tilrår.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Fuglane (film, 1968)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar