8. juli 2016

André Bjerke: Arnulf Øverland - vårt sprogs konservator og fornyer (1965)

OK. Det er ikkje noko bombe at eg er usamd med mykje av det som står her. Eg står støtt på den rette sida i målsaka; Bjerke og Øverland stod ein heilt annan stad.

Det var sikkert fåfengt, men eg prøvde likevel å lesa boka med nokolunde nøytralt blikk. Heftet, som er utgjeve av Riksmålsforbundet, er sett saman av to artiklar, der Bjerke gjev Øverland mykje ros. Det går for så vidt fram av tittelen Bjerke har gjeve heftet, men det er ikkje måte på kva storverk Øverland har gjort for riksmålet: "Hans stilistiske bearbeidelse av vårt kultursprog har i høy grad medvirket til dets nasjonale gjennomslagskraft. Øverlands pregning av riksmålets stilstruktur er intet mindre enn en sprogpolitisk begivenhet."

For Bjerke er Øverland så godt feilfri. Eg kjøper likevel ikkje argumentasjonen hans. Bjerke gjer eit stort nummer av at så godt som alle nynorskdiktarar plasserer verba til sist på verselinene; dei bruker altså tysk setningsoppbygnad. Øverland gjer (omtrent) aldri det, skriv Bjerke, og meiner dermed å ha vist at riksmålet er meir norsk enn nynorsk er.

Endå verre vert det når Bjerke presenterer ein figur over korleis språk er sett saman. Figuren har tre etasjar - øvst er høysprog (høytidstale, lesesprog, scenesprog i tale; bibelstil, salmestil, poetisk stil og lyrisk prosa i skrift). Så kjem normalsprog (landsgyldig, dialektfri tale, vanlig scenesprog i tale; ledig litteraturstil, journalistisk prosa og sakprosa i skrift). Nedst kjem særsprog (dialekt, slang og argot i tale; dialektlitteratur, dialektfarvet og slangfarvet stil i skrift). Viss eg forstår Bjerke rett, meiner han at dei to øvste har sin verdi, medan den nedste eigentleg er noko som burde fjernast. Det er noko mindreverdig, som rett nok tilfører dei to øvste etasjane næring, men som likevel ikkje er verdt noko. Det er ikkje høgkulturelt nok, rett og slett.

Nokre sider seinare fortel Bjerke om då han var nøydd til å opphalda seg nokre månader i "det aller innerste Norge. I en bygd så bortgjemt at den ikke engang ble rammet av svartedauden". Her prøver han å få ein ung gut i tale, men denne guten, som ikkje gjer stort anna enn å spela melodien til "Tante Pose" med ein peikefinger, kan ikkje seia noko anna enn "eg veit ikkje, eg". For Bjerke er dette eine dømet prov på at folk i bygde-Noreg er mindre utvikla. "På de norske bønders taushet kan man iallfall ikke bygge et skriftsprog". Bøndene har ikkje talemål, skriv han, dei har tiemål.

Det kan henda at eg er farga av eigen ståstad, men eg slit med å sjå at eg hadde godteke like usakleg argumentasjon i artiklar skrivne av folk på nynorsksida, i eit hefte gjeve ut av Noregs Mållag. Men uansett, det var greitt å sjå korleis folk på den andre sida argumenterer for si sak.

Guffen tilrår.

Meir Bjerke på kulturguffebloggen
De dødes tjern (1942)
De dødes tjern (film, 1958)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar