9. juli 2016

Going Clear. Scientology and the Prison of Belief (2015)

Scientologi er ein, ahem, kontroversiell religion. Denne filmen prøver å finna ut korleis det er på innsida av scientologi-kyrkja. I filmen vert forfattaren Lawrence Wright hyppig intervjua; han gav i 2013 ut boka Going Clear. I tillegg er nokre avhopparar intervjua, og det vert vist nokre eldre intervju med grunnleggjaren av scientologi, Ron L. Hubbard. Hubbard døydde i 1986, og etterfølgjaren hans, David Miscavige, takka nei til å verta intervjua til denne filmen.

Det handlar mykje om pengar. At scientologi i det heile har status som ein religion skuldast at dei ville ha skattefritak. Den statusen fekk dei i 1991, og i tida etter har dei fått enorme gåver frå medlemmane, slik at kyrkja i dag har verdfulle eigedomar over store delar av verda.

Miscavige er ein mektig og nådelaus leiar av kyrkja. Avhopparane fortel om mishandling, om vald, om ei kyrkje som vil ha full kontroll på medlemmane siue, og dei kjenner alle ein lette over å ha kome seg ut. Medlemstalet var langt høgare tidlegare; det kan skuldast at den karismatiske Hubbard hadde lettare for å dra til seg medlemmar. Han var ei merkeleg skrue; han gav ut meir enn tusen bøker, og var eigentleg best kjend som forfattar av science fiction-bøker før han grunnla scientologi.

Filmen fortel altså om eit djupt ubehageleg trussamfunn, der hjernevask og total kontroll ser ut til å vera det dominerande. Medlemmane kan klatra på ein intern rangstige, der dei må gjennom prøvar for å få større oppgåver, og for å få meir innsikt i scientologien. Som ein av avhopparane seier det - i kva andre trussamfunn må du vera medlem i årevis før du får vita kva du skal tru på?

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar