9. august 2011

Jørgen Haugedal: Tonar frå tun (1972)

"Kvar for seg er desse romanane forvitnelege. Samla og sett under eitt er dei eit monumentalt verk. Ein Blåhøtind, som ragar høgt opp i nynorsk bokheim" (om ein trilogi av Ola Setrom).
  
Jørgen Haugedal har skrive biografiske skisser om 17 nynorske forfattarar. Han vil ikkje skriva om dei største, dei som alle kjenner, men skriv heller om slike som er og var mindre kjende. Han skriv altså om dei nest beste forfattarane, og han gjer det på den nest beste måten. Her er mykje omtrentleg, her er ingen kjeldetilvisingar. Han bruker ord og formuleringar Oddgeir Bruaset ville nikka beundrande til, og han strør om seg med så mange lovord at til og med Anders Hovden ville meint det vart for mykje.

Ta artikkelen om Rasmus Steinsvik, til dømes. "Han var ei eldsjel, ein journalist og idealist som sleit seg gjennom alle vanskar – til mannen med ljåen hogg til – midt i rikaste arbeidsåra … Det er gamal rudd grunn han rann or. … Det var ingen lett veg Steinsvik slo inn på. Ofte sig vonløysa inn over han. Men gje opp? Ikkje tale om!" Og så vidare. I konfirmasjonsalderen kom han over avisa "Fedrehamen", og han er sambygding med Olaus Fjørtoft.


Les dette utdraget med Bruaset-røyst: "Det ligg noko byrgt og trygt over diktaren, dansaren og spelemannen Anders Underdal frå Valdres. Det fylgjer friskt ver med han. Augo blenkjer og tirer. Panna er høg og brei – og han ruver godt. Han er keisaren som har riket sitt djupt inne mellom fjell og fjord, og berre er ute som snarast og ser på verda." Sånn held det fram, om skulelys som heller rydja ny grunn på heimgarden enn å studera i storbyen, om lærarar som aldri tok ferie og som var med i alt som fanst av lag og parti, men som likevel fann tid til å skriva dikt.,om dei trauste slitarane som aldri gav opp i kampen for målet. Det er prisverdig, og her er sikkert mykje viktig samla, men med ein slik omtrentleg omgang med fakta er det uråd å stola heilt på alt han seier. Likevel er det noko flott over det heile, og når han omtalar bøker eller dikt desse har skrive, er det ikkje tvil om at Haugedal set dei høgt.


Guffen kan ikkje tilrå dette.

This is England (2006)

Hm. Ein film eg kjøpte for nokre månader sidan. Handlinga er lagt til 1983, men her er litt for mykje som er urovekkande aktuelt i dag.

England er i krig med Argentina. Shaun, ein tolv år gamal gut, har mist faren sin på Falklandsøyane, og leitar etter andre mannlege rollemodellar. Han kjem i snakk med nokre skinheads, og vert gradvis ein av dei. Desse er apolitiske, men dette endrar seg då kameraten til leiaren Woody, Combo, kjem ut av fengsel. Han er stor, sterk og snakkar høgt, og vil at dei som skal vera med i gjengen hans må vera med og kjempa for England. Woody og nokre andre går; Shaun og nokre andre blir.

Combo tek han med på møte i National Front, han vert med når dei ranar ein innvandrarbutikk, og han vert vitne til at Combo bankar opp Milkie, ein farga skinhead i gjengen til Woody. Den einaste grunnen er at det gradvis går opp for Combo at Milkie har hatt ein betre oppvekst enn han, ein oppvekst i ein meir harmonisk familie. 

For Combo er det to hovudproblem i England, Thatcher og innvandrarane. Det er noko kjent med dette. England i 1983, slik det vert presentert i filmen, er eit England med store klasseskilje, og eit England der det ikkje skal så mykje til før det vert bråk. Det er noko kjend med det òg.

Her er mykje godt skodespel, men den som imponerer mest er Thomas Turgoose, som spelar Shaun. Sjeldan har eg sett ein så ung skodespelar gjera ein så truverdig innsats.

Guffen tilrår.

127 Hours (2010)

Historia er kort og grei. Aron Ralston likar å vera i naturen, og likar seg best i Canyonlands, ein nasjonalpark i Utah. Ei helg legg han ut på tur åleine. Han møter to andre som er ute og går, men etter å ha skilt lag med dei er han åleine. Han leikar seg i smale, tronge kløfter. Ein stein gir etter, han dett nedover saman med steinen, og når dei stoppar er armen klemt fast mellom steinen og veggen i kløfta. Han prøver alt for å koma laus, og ofrar til slutt armen.

Eg hugsar eg las om dette då det skjedde. Armen vert klemt fast etter 18 minutt av filmen, og to spørsmål melder seg. Går det an å laga ein langfilm ut av dette, altså av ein kar som har eine armen fastklemt langt ute i øydemarka? Og kjem ikkje dette vil å verta rimeleg ubehageleg?

Svara på begge spørsmåla er ja. Filmen opnar med store folkmengder – maratonløp, trafikk, osb. Når Ralston vert introdusert er kontrasten openberr. Han er fri, han gjer som han vil, og det han aller helst vil er å vera heilt åleine i naturen. Likevel er det han som får det mest klaustrofobisk.

Han har ein sløv kniv, og prøver fyrst å hakka vekk sjølve steinen. Det går ikkje. Kniven er dessutan så sløv at han ikkje har sjanse til å skjera seg gjennom marg og bein. Løysinga vert at han knekkjer begge beina i armen, og skjer vekk det som måtte vera av skinn og musklar og sener. Innimellom alt dette filmar han seg sjølv, der han snakkar til familie og vener. Me får òg ein del flashback, og etter kvart kjem det òg bra med hallusinasjonar. Livet hans passerer sakte revy.

Moralen må vera at det av og til kan vera lurt å melda frå kvar du går.

Guffen tilrår.

8. august 2011

Du levande (2007)

Dette er ein flott film. Han er så elegant laga, filmen er så stilrein og så visuelt vellukka at ein kan lura på kva andre filmskaparar driv med.
Her er ikkje noko eigentleg handling. Det er ei rekkje scener frå ein svensk by. Nokre personar går igjen gjennom filmen, til dømes ein som spelar eit slags horn, og ei jente som er forelska i vokalisten i Black Devils. Trass i denne mangelen på handling heng scenene godt saman. Det er den same stemninga i dei alle, både visuelt og innhaldsmessig. Viss denne filmen var basert på ei bok, ville det ha vore ei diktsamling.

Det er jamt over trist, det er av og til komisk, men det er fyrst og fremst varmt. Det er lite varme mellom dei ulike menneska i filmen, alle verkar einsame, og alle ser ut til å lengta etter noko heilt anna. To replikkar går igjen i filmen – "ingen forstår meg", og "det kjem ein dag i morgon òg". Men sjølv om dei fleste er einsame, vert dei likevel presenterte med ein lun varme, det er personar me godt kan tenkja oss å snakka med.

Fleire av personane i filmen fortel om draumar. Ho som liker vokalisten i Black Devils fortel at ho drøymde at dei to gifta seg ("och det var himla skönt"). Ein mann som køyrer forbi kamera i ein bilkø som knapt rører seg, fortel at han drøymde at han var på eit ekstremt dystert slektstemne, og der han fann ut at han ville ta det velkjende duktrikset for å få opp stemninga litt. Det gjekk heilt gale, og sidan han mellom anna knuste ein meir enn to hundre år gamal suppeterrin, vart han like godt dømd til døden, i den elektriske stolen.

Filmen er grå, og filmen er blå. Det er dårleg ver, det regnar og tordnar, og skylaget ligg lågt. Mot slutten av filmen stoppar alle opp, og ser mot himmelen utan å seia eit ord. Når skylaget opnar seg, kjem der rundt tjue fly i formasjon over byen. Kva flya har med seg kjem ikkje fram, kanskje det er bombeflya ein av dei drøymde om, kanskje det er noko heilt anna. For meg var det ein optimistisk slutt, der det brått kom litt fleire fargar enn grått og blått.

Guffen tilrår.

My Own Private Idaho (1991)

To unge menn, med litt ulike bakgrunnar, lever på gata i ulike byar nordvest i USA. Mike (River Phoenix) voks opp i ein ustabil familie, Scott (Keanu Reeves) voks opp i rikdom, og skal arva enormt med pengar når han snart fyller 21 år. Til dess lever dei av å selja seg, og av å lura til seg pengar på andre måtar.  

Der gatelivet for Scott er noko som snart skal gå over, er det meir alvor for Mike. Han manglar faste haldepunkt i livet, og saman dreg dei til Idaho for å vitja broren hans. Dei finn faren, eller den han trur er faren, og han fortel kva mora held til. Dei leitar etter ho, fyrst i eit motell der ho arbeidde, deretter flyg dei til Italia for å finna ho der. Pengane til billetten fekk dei ved å selja ein stolen motorsykkel, og merkeleg nok hadde dei med seg passa sine òg. Merkeleg at Mike i det heile hadde eit pass.

På denne turen går alt gale for Mike. Han får vita at mora har flytta attende til Amerika, men ingen veit nøyaktig kvar. Han er forelska i Scott, men han forelskar seg like godt i ei italiensk jente. Dei reiser heim kvar for seg, og neste gong Mike ser Scott er han ein velståande og velkledd mann, som ikkje lenger vil ha noko med den gamle omgangskrinsen sin å gjera.  

Mike har narkolepsi, han går altså rett som det er inn i ein djup svevn. Han har fleire gonger vore på ein veg i Idaho, ein veg han reknar som ein favorittveg. Vegen kan minna litt om eit ansikt, og Mike gjev denne vegen menneskelege eigenskapar, vegen vert noko han kan stola på. Filmen sluttar med at han får eit narkoleptisk anfall på ein landleg veg. medan han søv vert han fyrst rana, deretter får han (truleg) hjelp av ein forbipasserande. 

Det er ein stilfull film, med mange flotte bilete. Historia er òg flott fortalt, men likevel er det noko som manglar. Det tek ikkje heilt av, det vert berre sånn nesten bra.

Guffen er lunken.

Morten A. Strøksnes: Automobil (2005)

Morten Strøksnes er stadig på farten. I denne boka køyrer han, saman med kona si, sørover i ein av dei austlegaste korridorane i Europa, frå Latvia til Tyrkia. På vegen er han innom ni land. Han skildrar naturen, byane og bygningane, men det som interesserer han mest er folka og historien deira. Han prøver å snakka med politikarar høgt oppe på maktstigen, men snakkar like gjerne med andre folk. Det viktigaste er at dei har gode historier å fortelja.

Boka er ikkje altfor lystig. Dei fleste av dei han snakkar med, både yngre og eldre folk, er misnøgde med eit eller anna. Mange kjenner seg undertrykte, og skuldar på folk på toppen. Dei fleste av desse, kanskje alle, ser ut til å ha kome til makta på ufint vis. Det handlar mykje om nasjonalisme, og rota til alt dette ser ut til å vera dei stadige grenseendringane mange land i Aust-Europa har vore gjennom. Mange meiner at dei høyrer heime i eit anna land enn det dei bur i, andre meiner at landet dei bur i eigentleg høyrer til eit anna land. Kvart land er samansett av folk frå ulike folkeslag, og overalt vert minst eitt av dei undertrykt.

Det vert altså mykje trist og tungt, og det pregar skrivinga til Strøksnes. Han er ikkje like glitrande som han plar vera, unntaka er dei gongene han skriv om noko anna enn tilhøva i landa dei reiser gjennom. I Iasi, ein by nordaust i Romania, vert dei vitne til ein diktarkongress. Her skriv han glimrande om dei poetane som er med - ingen av dei har gitt ut bøker, ingen av dei verkar heilt balanserte, alle snakkar i gåter heile tida, og jo meir gåtefullt ein av dei snakkar, jo meir applaus kjem det frå dei andre.

Guffen tilrår.

Meir Strøksnes på kulturguffebloggen
Hellig grunn (2001)
Rett vest (2009)
Et mord i Kongo (2010)
Tequiladagbøkene gjennom Sierra Madre (2012)
Havboka (2015)
Lumholtz' gjenferd (2022)
Molok (2024)

4. august 2011

Harald Grieg: Nordahl, min bror (1956)

Eg kan anten opna med å skriva noko om at då eg gjekk på folkehøgskule midt i åttiåra var "Til ungdommen" den songen lærarane ville at me skulle syngja oftast. Eller eg kan skriva noko om at det akkurat no kunne vera greitt å lesa noko utan at "Til ungdommen" vart nemnt. Eller eg kunne skriva noko om korleis dette er ei av rundt åtti bøker eg arva i fjor. Eller eg kunne fortalt om at quizlaget mitt i Volda, ein gong eg ikkje var med, svara "Bjørnstjerne Bjørnson" på spørsmålet om kven som hadde skrive Vår ære og vår makt. Eller eg kunne opna slik som dette.

Boka er bygd opp rundt breva Nordahl Grieg sende til bror sin, supplert med nokre av breva han sende til mor si, og til ho som reinskreiv alle manuskripta hans. Viss ein ikkje ventar seg noko meir enn det, er det ei heilt grei bok. Det er altså ikkje nokon full biografi, og det er det heller ikkje meint å vera. Harald Grieg, som også var forleggjaren til Nordahl Grieg, skriv ei minnebok om bror sin, ein mann han sette svært høgt.

Begge to skjønte tidleg at det var i litteraturen dei høyrde heime. Dei arbeidde med bøker på ulikt vis, Harald vart direktør i Gyldendal i ung alder, og sat i den stillinga resten av arbeidslivet og vel så det. Nordahl var heile tida på farten, han reiste over heile verda. Tonen vart sett alt då han for til sjøs i ung alder, og deretter er han omtrent over alt. Dei fleste av breva er skrivne på slike reiser, både reiser i inn- og utland. Var han i Oslo i ein lengre periode skreiv han sjølvsagt ikkje brev til bror sin.

I breva drøftar dei bøkene til Nordahl, men dei er òg innom mange andre emne. Eitt gjennomgåande tema er at Nordahl treng pengar, og det får han som oftast. Ved nokre høve vert forleggjaren storebror, og bed om at Nordahl slår seg ned, eller at han får seg fast arbeid, men til inga nytte. Nordahl var for reiseglad til det. Han ville vera der det skjedde, eller der han fann noko av interesse, og det er omtrent som det skal vera når boka sluttar med det siste møtet mellom dei to, i dagane då den andre verdskrigen kom til Noreg.

Språket i breva viser at dei er lærde, og dei refererer ofte til litterære personar eller bøker. Boka har eit godt språk, sjølv om det er eit stivt riksmål, og det aular av framandord. Eg trur det er fyrste gong eg har lese ordet "kontubernaler".

Guffen tilrår.