Boka er forma som ein lang samtale mellom dei to forfattarane. Det handlar om livet og karriera til Matt Johnson, så det er han som snakkar mest. Det meste handlar om The The, bandet han skipa i 1979. Dei er framleis aktive, men dei har hatt nokre pausar. Johnson er òg den einaste som har vore med heile tida; rundt han er det utskiftingar heile tida.
Eg kjenner best platene dei gav ut i åttiåra, og det er den perioden det er mest spanande å lesa om. Eg likar samtalebøker, men her vert det i meste laget - kanskje av di eg ikkje kjennerheile karrieren til Johnson/The The like godt. Johnson får tid og rom til å snakka om musikarar, om studio, om folk rundt seg, om songane sine, om samfunnet rundt seg, og om mykje meir. Han snakkar til dømes mykje om familien han vaks opp i, der brørne hans òg var kreative sjeler.
Han framstår sympatisk og reflektert. Wood er òg kunnskapsrik og godt førebudd, men han er nok litt for positiv. Wood og Johnson kjenner kvarandre godt, og det kan vera ein av grunnane til at spørsmåla Johnson får ikkje er så kritiske som dei godt kunne vore.
Guffen tilrår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar