22. september 2021

Magnus Takvam: Hun skrev for å kunne leve (2021)

 

Magnus Takvam har skrive ei fin bok om mor si. Han skriv om livet hennar og har teke med fleire av dikta hennar, men det er ikkje nokon rein biografi over mora. Det handlar langt meir om forholdet mellom mor og son, om korleis det var å veksa opp og å leva som vaksen saman med ei mor som vart ein del av eit tidvis destruktivt kunstnarmiljø i Oslo.

Marie Takvam vaks opp på Sunnmøre. Ho ville ut, og etter å ha gått gymnaset på Nordfjordeid flytta ho til Oslo for å studera psykologi. Ho arbeidde ved sida av, og ho skreiv òg dikt, og debutsamlinga hennar, Dåp under sju stjerner, kom i 1952. Den mest vidgjetne meldinga av den boka var skriven av André Bjerke, som skreiv svært mykje om utsjånaden til Takvam. Det kom fleire bøker, både diktbøker og barnebøker, men det var ikkje det som prega heimen mest. Ho og ektemannen gjekk frå kvarandre, og livet hennar vart aldri godt etter det. Det var mykje drikking og fleire skandalar, mellom anna knytt til filmrolla ho hadde i Åpenbaringen, ein film av Vibeke Løkkeberg.

Og kvar var sonen i alt dette? Han var til og frå. Han og mora hadde eit varierande forhold - av og til hadde dei mykje kontakt, andre gonger var det mindre. Mora innbilte seg mykje rart, og vart etter kvart innlagt på ulike institusjonar.

Magnus Takvam skriv godt og varmt om livet dei delte. Han legg ikkje skjul på at det tidvis var vanskeleg, men han skriv òg varmt om kor høgt han sette henne, og kor stor pris han set på at dikta hennar vert lesne og framheva.

Guffen tilrår. 

Meir Takvam på kulturguffebloggen
Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar