6. september 2021

Robert M. Pirsig: Zen and the Art Of Motorcycle Maintenance (1974)

 

Denne boka prøvde eg meg på midt i 90-åra. Eg køyrde meg fast ein stad midt i boka, men prøvde igjen no. Eg er ikkje heilt overtydd om at akkurat det var ein god idé - det var ikkje vanskeleg å skjøna kvifor eg la boka vekk for nokre tiår sidan.

Boka er todelt, kanskje tredelt. Rammehistoria er den enklaste og greiaste: Eg-personen i boka er på road trip saman med den elleve år gamle sonen sin og eit par han kjenner. Dei sit på kvar sin motorsykkel, og veneparet snur halvveges i boka. Turen til far og son går frå Minnesota til California, og her er ei rekkje fine skildringar. Det var uråd å lesa denne delen av boka utan å tenkja på glansdagane då eg køyrde (bil) i det same området.

Eg-personen var professor ein stad i Montana for lenge sidan, men slutta, mellom anna av di studentane ikkje forstod han. Turen gjennom dette området får fram dårlege minne, og i boka vert desse presenterte som samtalar mellom eg-personen og den personen han var i gamle dagar - i boka kalla Phaedrus. Nokre av desse samtalane vert reine filosofiske diskusjonar, og der er òg kapittel som er rein filosofi. Der dett eg diverre fort av, så desse kapitla var seige å koma gjennom.

Det er altså litt On The Road, litt Sofies Verden, og eg fekk òg assosiasjonar til Moby Dick. Nokre kapittel dreg handlinga vidare, andre er av meir teknisk karakter. For min del burde det vore meir av den fyrste og langt mindre av dei to siste bøkene. Samtalane mellom far og son er til dømes jamt over gode.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar