9. september 2021

a-ha - The Movie (2021)

 

Nja. Det er litt rart med ein musikkfilm der det ikkje er musikken som fengar mest. a-ha har laga nokre fengande songar, men svært mykje av musikken i denne filmen er knapt nok middelmådig. Det kan henda at filmen vert likt betre av dei som har eit nært forhold til a-ha, men for ein som meg, som er interessert i musikkhistoria, var det likevel ein film eg visste eg ville sjå.

Historia er velkjent: Tre unge menn frå Oslo reiser til London for å verta popstjerner. Det greier dei etter kvart, dei toppar singellistene både i USA og England. I USA held dei ikkje koken spesielt lenge, men i Europa, Sør-Amerika og Asia er dei framleis store, fleire år etter siste nye plate. 

Ut frå det som vert sagt i denne filmen kjem det ingen fleire plater frå bandet. Både Waaktaar-Savoy og Harket er klare for det, men Furuholmen er rimeleg irritert over måten barndomsvenen Waaktaar-Savoy har oppført seg. Furuholmen meiner at dei musikalske bidraga hans ikkje vert verdsett, og han vert ikkje kreditert som komponist. Waaktaar-Savoy meiner det er heilt greitt, det er han som har formgjeve og spikra bordet, medan bidraga til Furuholmen er meir å rekna som blomebukettar på toppen av bordet. 

Det ser altså ut som om det ikkje er så mykje harmoni i bandet no. Dei tre i bandet (og nokre få personar rundt) er intervjua kvar for seg, og når dei snakkar om den tidlege tida er dei meir lystige og rosande. Dei slår gjennom, dei reiser verda rundt, og dei mislikar alle at dei vert sett på som enkle popstjerner. Dei prøver seg på meir seriøs musikk, dei går nye vegar, gruppa vert oppløyst, gruppa kjem saman att, osb. For førti år sidan var dei nære vener; i dag er dei bandmedlemer.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar