18. september 2016

Nevin Martell: Looking for Calvin and Hobbes (2009)

For nokre månader sidan såg eg filmen Dear Mr. Watterson. Eg var klar over at denne boka ikkje hadde noko med filmen å gjera, men halvvegs i lesinga måtte eg likevel sjekka. Det var så mykje som var likt.

I filmen er det Joel Allen Schroeder som leitar etter Watterson, i boka er det Nevin Martell. Martell går grundigare til verks enn Schroeder, men også han endar opp med å reisa til den vesle byen i Ohio der Watterson prøver å leva i fred. Martell skal ha for å ha spora opp det som finst av intervju, og for å kjenna til dei foredraga eller innlegga Watterson heldt før han trekte seg tilbake. Bortsett frå det, er det lite han skal ha for.

Han bruker mykje tid på det me kjenner frå før. Ja, me veit at Watterson ikkje vil at det skal produserast Calvin and Hobbes-merchandise. Ja, me veit at han ikkje har laga nye seriar etter at han pensjonerte Calvin and Hobbes i 1995. Ja, me veit at han ikkje snakkar med journalistar. Så kvifor er det så viktig for Martell å snakka med Watterson direkte? Han har jo boka si likevel, han har intervjua andre, og han har lese det som finst.

Martell svarar indirekte på det ein stad i boka. Sjølvsagt er det fleire spørsmål han ville ha stilt Watterson, men ein stad skriv han at han kunne tenkja seg å vita kva "The Noodle Incident", som det vert referert til fleire gonger i serien, var for noko. Ein ting er at det ville Watterson, sjølv om han skulle ha late seg intervjua, aldri ha svara på; ein annan ting er at det som gjer "The Noodle Incident" til ein artig referanse i serien er at ingen veit heilt kva det er for noko.

Guffen er lunken.
Relatert på kulturguffebloggen
Bill Watterson: Calvin and Hobbes. Sunday Pages 1985-1995 (2001)
Dear Mr. Watterson (2013)
Exploring Calvin and Hobbes (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar