Viser innlegg med etiketten Watterson. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Watterson. Vis alle innlegg

18. september 2016

Nevin Martell: Looking for Calvin and Hobbes (2009)

For nokre månader sidan såg eg filmen Dear Mr. Watterson. Eg var klar over at denne boka ikkje hadde noko med filmen å gjera, men halvvegs i lesinga måtte eg likevel sjekka. Det var så mykje som var likt.

I filmen er det Joel Allen Schroeder som leitar etter Watterson, i boka er det Nevin Martell. Martell går grundigare til verks enn Schroeder, men også han endar opp med å reisa til den vesle byen i Ohio der Watterson prøver å leva i fred. Martell skal ha for å ha spora opp det som finst av intervju, og for å kjenna til dei foredraga eller innlegga Watterson heldt før han trekte seg tilbake. Bortsett frå det, er det lite han skal ha for.

Han bruker mykje tid på det me kjenner frå før. Ja, me veit at Watterson ikkje vil at det skal produserast Calvin and Hobbes-merchandise. Ja, me veit at han ikkje har laga nye seriar etter at han pensjonerte Calvin and Hobbes i 1995. Ja, me veit at han ikkje snakkar med journalistar. Så kvifor er det så viktig for Martell å snakka med Watterson direkte? Han har jo boka si likevel, han har intervjua andre, og han har lese det som finst.

Martell svarar indirekte på det ein stad i boka. Sjølvsagt er det fleire spørsmål han ville ha stilt Watterson, men ein stad skriv han at han kunne tenkja seg å vita kva "The Noodle Incident", som det vert referert til fleire gonger i serien, var for noko. Ein ting er at det ville Watterson, sjølv om han skulle ha late seg intervjua, aldri ha svara på; ein annan ting er at det som gjer "The Noodle Incident" til ein artig referanse i serien er at ingen veit heilt kva det er for noko.

Guffen er lunken.
Relatert på kulturguffebloggen
Bill Watterson: Calvin and Hobbes. Sunday Pages 1985-1995 (2001)
Dear Mr. Watterson (2013)
Exploring Calvin and Hobbes (2015)

18. juni 2016

Bill Watterson: Exploring Calvin and Hobbes (2015)

I Ohio i USA ligg museet Billy Ireland Cartoon Library and Museum. Ohio er heimstaten til Bill Watterson, og han har donert ei stor samling Calvin and Hobbes-originalar til museet. I 2015 stilte dei ut eit utval av desse, og i samband med denne utstillinga laga dei denne utstillingskatalogen.

Katalogen er todelt. Den siste halvdelen viser ei rekkje teikneseriestriper, som presenterer dei sentrale karakterane i serien, og som òg tek opp sentrale tema i serien. I denne delen er det ikkje så mykje nytt - det er framleis gode striper, sjølvsagt, men det vert ikkje sagt så mykje nytt. Den annoterte samlinga med godbitar som kom i 1995, The Calvin and Hobbes Tenth Anniversary Book, var meir omfattande, og tok altså opp liknande emne.

Den fyrste halvdelen er derimot glimrande. Watterson er ikkje så glad i å verta intervjua - der finst intervju med han, men ingen som liknar på dette. På rundt tretti sider snakkar han om arbeidsmåtar, om inspirasjonskjelder, om utviklinga av karakterane, om det han laga av teikningar og seriar før Calvin and Hobbes, og han opnar seg opp på ein måte ikkje kan hugsa å ha sett før,

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Bill Watterson: Calvin and Hobbes. Sunday Pages 1985-1995 (2001)
Nevin Martell: Looking for Calvin and Hobbes (2009)
Dear Mr. Watterson (2013)

14. mars 2016

Dear Mr. Watterson (2013)

Mr. Watterson er sjølvsagt Bill Watterson, teiknaren som skapte Calvin and Hobbes. Etter ti år slutta serien i 1995, og i dei tjue åra som har gått har Watterson lege endå lågare enn før. Han vil (stort sett) vera usynleg, og er det (stort sett).

Joel Allen Schroeder har likt serien heile livet. Det er han ikkje åleine om, og i denne filmen prøver han å finna ut kvifor serien vart og er så populær. Det lukkast han diverre dårleg med. Han snakkar med andre som likar serien, og dei har stort sett ingenting å seia. Han snakkar med folk i forlaget til Watterson, og dei har litt meir å seia. Han snakkar med (altfor mange) andre teiknarar, og dei har litt å seia, sjølv om alle seier omtrent det same. Og han snakkar med dei som arbeider på arkivet der originalteikningane til Watterson ligg - for meg var det dei det gav mest meining å høyra på.

Eitt emne dominerer i filmen. Watterson ville at serien hans berre skulle vera serie, så han ville ikkje at teikningane skulle brukast på kort eller t-skjorter eller andre ting, han ville ikkje laga Calvin og Hobbes-dokker, og han ville ikkje at det skulle lagast film av serien. Han ville laga teikneserie, og i ei av bøkene han gav ut skriv han varmt om korleis teikneseriar er eit fantastisk medium, og korleis sidene med teikneseriar i sundagsavisene tidlegare var reine festsider. No er det ikkje det same, men han lengtar attende. Dette vert det snakka mykje om, men det kjem ikkje fram noko nytt.

Guffen er lunken.

Relatert på kulturguffebloggen
Bill Watterson: Calvin and Hobbes. Sunday Pages 1985-1995 (2001)
Nevin Martell: Looking for Calvin and Hobbes (2009)
Exploring Calvin and Hobbes (2015)

23. februar 2014

Bill Watterson: Calvin and Hobbes. Sunday Pages 1985-1995 (2001)

Calvin and Hobbes (Tommy og Tigern) var ein glimrande teikneserie. Calvin er ein seksåring med altfor stor kunnskap og altfor god fantasi, som oftast er dregen mot det farlege og det ekle, men som òg kan vera meir kjenslevar eller redd. Tøytigeren hans, Hobbes, er den beste venen hans, og tigeren er levande og kan snakka med han når ingen andre er til stades. Serien kan sjå ut som ein barneserie, men forsøk med ungane her i huset viser at ei lang rekkje striper ikkje passar for ungar i det heile.

Bill Watterson teikna serien i ti år. Han heldt kanskje på litt for lenge, men ikkje mykje, serien held eit høgt nivå omtrent heile vegen. Han var på nippet til å gje seg nokre år før - han var heilt klar på at Calvin and Hobbes skulle vera teikneserie og ikkje noko meir. Det skulle ikkje lagast tøydokker, ikkje t-skjorter, ikkje helsingskort, ikkje teiknefilmar - det var ein teikneserie, og det var nok. Forlaget hans pressa han lenge til å opna opp for meir, og kontrakten hans opna opp for at dei kunne laga spinoff-material. Han nekta. Dette var ei så viktig sak for han at han altså vurderte å slutta. Han vann den kampen, men før han kom så langt hadde han laga ei rekkje striper som handla om akkurat dette, mellom anna fleire der monstera under senga vert nærgåande.

Watterson gav berre nokre få intervju. I ei jubileumsutgåve av Calvin and Hobbes skreiv han ein lang artikkel om teikneseriebilaga som følgde med sundagsavisene i USA då han voks opp, og det var heilt tydeleg at teikneseriar var ei kunstform som stod han nær. Det vert like tydeleg her. Dette er katalogen til ei utstilling av nokre av sundagsstripene hans, laga for Ohio State University Cartoon Research Library i 2001. Han viser korleis han etter kvart fekk friare tøylar. Dei fyrste åra var han relativt bunden - det måtte vera to faste mellomrom mellom ruter, eitt midt i den andre rekkja, og eit mot venstre i den nedste. Dette er veldig tydeleg i ein serie der Calvin og Hobbes dansar. Dei fleste teikningane går over i kvarande, med unntak av dei to stadene han var pålagt å ha mellomrom.

Akkurat den serien er òg eit døme på korleis han såg at ikkje alle striper, heller ikkje dei lengre sundagsstripene, treng tekst. Dei einaste replikkane kjem i den siste ruta. Seinare fekk han meir fridom til å eksperimentera med formatet - han kunne laga seriar med bortimot tjue små ruter, der det berre var replikkar i den siste ruta. Eller ingen replikkar i det heile. Og han kunne laga seriar med éi stor rute, med eit par mindre ruter innfelt.

Stripene i boka vert viste i to versjonar. Til venstre står teikningane hans, utan fargar, og gjerne med spor etter strek som vart viska ut; til høgre står serien slik han kom på trykk. Og under er det ein kort, utdjupande tekst, der Watterson forklarar kvifor akkurat denne sundagsstripa er teken med.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Nevin Martell: Looking for Calvin and Hobbes (2009)
Dear Mr. Watterson (2013)
Exploring Calvin and Hobbes (2015)