16. september 2016

Olaus Arvesen: Oplevelser og erindringer fra 1830-aarene og utover (1912)

Saman med Herman Anker grunnla Olaus Arvesen den fyrste norske folkehøgskulen, Sagatun på Hamar, i 1864. Det gjorde han til ein omtykt og respektert person i fleire av rørslene som vaks seg sterkare utover mot århundreskiftet. Han var styrar for Sagatun og andre folkehøgskular i 27 år. Han var redaktør for Hamar Stiftstidende i 6 år, for Kirkeligt Folkeblad i 7 år, og for Oplandenes Avis i 34 år. Han sat på Stortinget i éin periode, og var varamann i to. Han var mykje brukt som folketalar, og hadde eit enormt nettverk.

Det meste av dette har eg frå Norsk Biografisk Leksikon. Boka er livsminna hans, men han bruker ikkje mykje plass på seg sjølv, eller på datoar og slikt. Han skriv mykje meir om folk han har møtt, om talar han har høyrt og litt om bøker han har lese. Den store helten hans er Bjørnstjerne Bjørnson, som òg sette Arvesen høgt, og etter å ha lese boka lærte eg like mykje om Bjørnson som om Arvesen.

Det er ikkje det same som at boka er verdilaus. Arvesen hadde altså eit stort nettverk, også innover i målrørsla, og han skriv til dømes gode kapittel om Ivar Aasen og Aasmund Olavsson Vinje. Han kjende begge, og vert dermed ein av dei som kan fortelja noko eige om dei to. Alle kapitla er likevel ikkje like engasjerande som dei to - delar av boka er seig.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar